Hopp til innhold

Fryktar to nye hus kan rase ut i elva

AURLAND (NRK.no): Svært mange har møtt fram til orienteringsmøtet i Aurland etter flaumen. 160 personar er framleis evakuerte i Flåm – og no kan to nye hus rase ut i elva.

– Vi har to hus som står heilt på kanten av elva. Totalt er det 13 hus som vi ikkje kan opne for innflytting på lang tid, seier innsatsleiar Reinhardt Sørensen i Aurland kommune.

Han orienterte torsdag ettermiddag folk i Aurland om status etter flaumen som råka kommunen med full kraft måndag og tysdag.

Folkemøtet samla mange interesserte, der også ordførar Noralv Distad og olje- og energiminister Tord Lien snakka til innbyggjarane i kommunen.

100 menneske framleis isolerte

Ifølgje Sørensen er fem hus heilt borte. Seks hus har fått store skader. Dei to husa som står heilt på kanten av elva er heller ikkje moglege å flytte inn i.

– Vi har fleire bustadhus som kan bli redda, om vi får demma opp elva med hjelp av NVE. Då håpar vi også å få berga husa som står på kanten, seier Sørensen.

På Flåm skule kan dei ikkje halde undervisning. Det er oppretta alternativ stad for elevane på Aurland barne- og ungdomsskule. Flåmsbana opnar tidlegast om ei til to veker, og vegar og bruer er vekke fleire stader. Kommunen jobbar no med å setje i stand infrastrukturen.

Torsdag ettermiddag får om lag folk i om lag 40 husstandar i Flåmsdalen flytte heim igjen.

Framleis er 100 menneske heilt isolerte i den vesle bygda Undredal. Her er det berre mogleg å komme seg til og frå via sjøvegen eller med helikopter.

Artikkelen held fram under biletet)

Folkemøte i Flåm

STINN BRAKKE: Mange frammøtte ville høyre siste nytt om status etter flaumen i Aurland.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Vil gje honnør for god jobb

Olje- og energiminister Tord Lien nytta høvet til å skryte av lokalbefolkninga, kommunen og dei mange frivillige.

– Det er viktig for meg å sjå situasjonen her med eigne auge. Eg ville sjå korleis naturkreftene har herja i dalføret. No skal vi arbeide med å kartleggje kva skader som har oppstått, og med å finne ut korleis vi kan redusere faren for at dette skal skje igjen, seier olje- og energiminister Tord Lien til dei mange frammøtte.

– Eg trur det er fleire enn meg som har fått sterke inntrykk gjennom TV -skjermen. Eg vil gje honnør til ordførar, kommune, styresmakter og dei mange hundre frivillige som ja stått på for på berge liv, helse og verdiar, sa Lien.

Statsråden understreka inntrykket sitt av at det er gjort ein svært god jobb under og etter flaumen.

– Det handlar om å halde hovudet klart. Og det ser det ut til at de har klart. Men sjølv om elva no trekkjer seg tilbake, er det viktig å halde hovudet kaldt vidare, hjartet varmt og ta vare på kvarandre, sa han.

Kan ikkje love pengar

Mange på møtet var opptatt av om han kunne love pengar frå staten til gjenoppbygginga av lokalsamfunnet. Det kunne statsråden ikkje love.

– Det er for tidleg å konkludere. No er vi framleis i ein situasjon der vi skal finne ut av skadeomfanget. Regjeringa er sjølvsagt oppteken av å styrkje tryggleik og beredskap og robustgjere samfunnet mot naturskadar.