Hopp til innhold

Her får brannsjefen lovnad om ein bil som startar

SANDE I SUNNFJORD (NRK): Med ein kommandobil som ikkje alltid startar, var gleda stor då Gaular brannvesen fekk lovnad om nytt køyretøy frå Gjensidigestiftelsen.

Truls og per

OVERRASKA BRANNSJEFEN: Per Hilleren (t.v.) i Gjensidigestiftelsen overraska brannsjef i Gaular kommune, Truls Folkestad (t.h.), med ein heilt ny bil som kjem til hausten.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Dette er ein stor dag for brannmannskapet i Gaular. Vi får ein bil vi kan stole på og som vi veit startar på første forsøk, fortel brannsjef i Gaular kommune, Truls Folkestad.

Gaular brannvesen, Lærdal Brann og Redning, samt Brannvesenet i Naustdal får kvar sitt køyretøy til kring 1 million kroner frå Gjensidigestiftelsen.

Dagens kommandobil hjå Gaular brannvesen er ein ombygd ambulanse på nær 15 år, medan både brannbilen og tankbilen begge er over 20 år. I Gaular har dei opplevd at kommandobilen ikkje har starta når dei treng den som mest.

Truls Folkestad

EIN BIL SOM STARTAR: Brannsjefen i Gaular kommune, Truls Folkestad, ser fram til å få ein bil som ein kan stole på.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Den startar stort sett, men det er ei viss uvisse. Vi har erfart at den fuskar, og sånn skal det ikkje vere, meiner Folkestad.

Gaular brannvesen kan likevel ikkje skrote den gamle kommandobilen. Med den nye bilen vil det vere plass til alle i brannkorpset.

– Vi treng fire bilar. Dersom alle i brannkorpset møter når alarmen går, så må vi ha meir enn tre bilar for å få plass til alle. Med den fjerde bilen slepp vi å bruke private eller kommunale bilar.

Bil til 1 million

Gaular brannvesen var ein av dei utvalde då Gjensidigestiftelsen delte ut 37 nye køyretøy og anna utstyr til ein verdi av 190 millionar.

– Dette er ein bil som er utstyrt med det nyaste av slutnings- og redningsutstyr. Rett og slett ein framtidsretta bil, fortel Per Hilleren i Gjensidigestiftelsen.

Gjennom «Det store brannløftet» på til saman 350 millionar har målet vore å styrke den norske brannvesenet, der 392 av 428 kommunar har søkt stiftinga om tildeling av køyretøy.

Truls og per

EI FOLKEGÅVE: 37 nye køyretøy er ei gåve frå Gjensidigestiftelsen til ulike brannvesen i landet.

Foto: Solveig Svarstad

– Dette er ei folkegåve som skal vere med på å løfte brannvesenet og trygge vanlege folk i Noreg, meiner Hilleren.

For brannmannskapet i Gaular er tildeling av nytt køyretøy eit kjærkomme tilskot i kvardagen.

– Vi veit no at vi får ein bil som vi alltid kan stole på og som har det nødvendige utstyret for den kritiske førsteinnsatsen, seier brannsjef i Gaular kommune, Truls Folkestad.

Treng utstyr som fungerer

Hovudvegen E39 gjennom Gaular kommune, byr på visse utfordringar for Gaular brannvesen.

– Det er aukande trafikk og meir farleg gods på vegane. Til dette treng vi utstyr som fungerer og som vi kan lite på, fortel brannsjef i Gaular kommune, Trond Folkestad.

For brannmannskapet i Gaular vil tildeling av nytt køyretøy gjere dei raskare, meiner Folkestad.

– Ved brann eller ulukker handlar det om å vere kjapt ute på staden, vurdere situasjonen og sette inn livreddande førstehjelp. Då må vi ha utstyr som fungerer. Ny bil kan gjere at vi er raskare ute enn før.