Kor mykje kvar kommune får i pengar frå staten er avhengig av folketalet og alderssamansetjinga, seier seniorrådgjevar Kåre Træen hjå fylkesmannen.
– Kommunane i Sogn og Fjordane ligg an til å få ein samla vekst på 4,3 prosent i dei frie inntektene, medan landsveksten er 4,8, seier Træen
– Vi ligg noko under landsveksten. Det er berre to fylke som ligg lågare. Årsaka til det er lågare folketalsvekst enn i resten av landet, seier han.
Frå før er det kjent at regjeringa gir veksttilskot på 400 millionar kroner til 68 kommunar som opplever sterk folkevekst, for å sette dei i stand til å tilby nok skule- og barnehageplassar. Sogndal den einaste kommunen her i fylket, og får 2,1 millionar kroner.
Tøft for Solund og Hyllestad
Kommunane som har fått størst vekst i dei frie inntektene er Sogndal og Aurland med høvesvis 6,4 prosent vekst og 6,0 prosent.
I andre enden kjem Solund med 2,5 prosent og Hyllestad med 2,8 prosent.
Dette er nominelle tal. Det vil seie at løns- og prisveksten på 3 prosent ikkje er med.
– Realveksten blir lågare. Det vil seie at Solund og Hyllestad får ei negativ realvekst.
Blir tøft for mange kommunar
Det blir tøft for Solund og Hyllestad, meiner Træen.
– Dei kommunane som har ein realnedgang, som har ein lågare vekst enn løns- og prisveksten, har kome vanskelegast ut.
Også for kommunar som ligg under fylkessnittet blir det tøft.
– For dei kommunane som har lågast vekst blir det heilt klart utfordringar. Dei som ligg under løns- og prisveksten, og for så vidt også dei som ligg under fylkessnittet på 4,3 prosent, har utfordringar. Heilt klart, seier Træen.
Her er resultatet for alle kommunane
Tabellen syner den nominelle veksten i prosent i dei frie inntektene i forslaget til statsbudsjett.
- Solund: 2,5
- Hyllestad: 2,8
- Hornindal: 2,9
- Gulen: 3
- Balestrand: 3,2
- Lærdal 3,2
- Selje: 3,2
- Askvoll: 3,3
- Gloppen: 3,3
- Høyanger: 3,4
- Flora: 3,8
- Vik: 3,9
- Årdal: 3,9
- Eid: 3,9
- Luster 4
- Bremanger 4,1
- Fjaler: 4,2
- Jølster: 4,4
- Gaular: 4,7
- Leikanger: 5
- Førde: 5,1
- Naustdal: 5,1
- Vågsøy: 5,1
- Stryn: 5,7
- Aurland: 6
- Sogndal 6,4