Hopp til innhold

Villmark-stjerna kom til premierefest i turhabitten

SOGNDAL (NRK): Dei to hovudrolleinnehavarane var begge til stades under premieren av Villmark 2 i Sogndal Kulturhus. Den eine litt betre kledd enn den andre.

Premiere for Villmark 2

FJONG STIL: Ellen Dorrit Petersen og Anders Baasmo Christiansen rett før dei hastar inn til premiereframsyninga av Villmark 2.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

To minutt før filmen skulle starte kom ein raudkjaka Baasmo Christiansen springande i full turhabitt, søkkvåt og fornøgd. Antrekket stod betre til tittelen på filmen enn han eigentleg hadde planlagt.

For skodespelaren hadde nemleg teke seg ein aldri så liten fjelltur, kanskje for å roe nervene før premieren, og rakk ikkje å skifte.

– No gler eg meg!, var alt han rakk å seie før han forsvann inn i salen.

Saman med Ellen Dorrit Petersen spelar han hovudrolla i den nye norske storfilmen Villmark 2, ein film der store delar av handlinga utspelar seg på det nedlagde sanatoriet Harastølen i Luster.

For medskodespelaren er det første gong ho er med i ein skrekkfilm.

– Eg har berre tenkt at det handlar om å ta situasjonane og rolla mi på alvor, på same måte som i drama. Det er vanskeleg å førestille seg korleis du ville reagere viss du var i livsfare, men eg måtte berre prøve, seier ho.

Harastølen

SKREMMANDE: Ein rundtur på Harastølen, særleg i lett skumring, er ikkje for lettskremte.

Foto: Torben Stedje / NRK

Kulissane kunne uansett ikkje vore betre egna til å sette stemninga på settet. Harastølen vart bygt i 1902 og har sidan midten av nittitalet stått som eit spøkelseshus i fjellsida over fjorden, tomt og forlate.

– Der er det jo frykteleg skummelt og med ei historie som du ikkje blir kvitt. Det var det lett å tenkje på undervegs, seier ho.

Den offisielle premieredatoen er 9. oktober. I kveld er den andre gongen filmen blir vist på norske kinolerret, etter førpremieren på Stranda i Møre og Romsdal i går.

– Eg har skjønt det er nesten full sal, så eg er veldig spent på reaksjonane, seier Petersen før ho skundar seg inn i mørket.