Hopp til innhold

Her er tidenes beste Sogndal-lag

Lesarane til NRK har talt: Desse elleve spelarane utgjer tidenes Sogndal-lag!

Dette er tidenes Sogndal-lag

GODT LAG: Dette er tidenes SIL-lag, frå keeper og framover: Terje Skjeldestad, Gunnar Sigmar Håre, Arild Førde, Asle Hillestad, Petter Melchior, Knut Christiansen, Atle Torvanger, Rune Buer Johansen, Tommy Øren, Svein Bakke og Tore André Flo.

Foto: Fotomontasje

- Dette laget hadde bite godt frå seg i eliteserien 2011. Dette er rett og slett eit kjempelag, seier Sogndal-ekspert Jon Navarsete.

Saman med NRK har den tidlegare Sogndal-stopparen lansert ein bråte spelarar til dei ulike posisjonane på tidenes Sogndal-lag.

I dag vart det klart at Svein Bakke og Tore André Flo som spissar kompletterer laget.

Dette er tidenes Sogndal-lag:

Dette er dei elleve spelarane som med på laget, med Jon Navarsete sine kommentarar:

  • KEEPER: Terje Skjeldestad. Solid sisteskanse i mange sesongar, måtte gje seg tidleg på grunn av skade.
  • HØGREBACK: Petter Melchior. Populær spelar, som alltid gav 100 prosent. Lagspelar av dei sjeldne. Var med i den første perioden då SIL gjorde seg gjeldande i eliten.
  • MIDTSTOPPAR: Asle Hillestad. Ein bauta og ein krigar i Sogndal si historie. Ingen tvil i avstemminga blant lesarane.
  • MIDTSTOPPAR: Arild Førde. Ein annan type enn Hillestad. Ingen duellspelar - men ein smarting av dei sjeldne.
  • VENSTREBACK: Gunnar Sigmar Håre: Snillaste guten i klassen, men den verste tigeren på ei fotballbane. Alle kvidde seg for å møte han.
  • HØGREKANT: Knut Christiansen. Ein tøffing på bana. Du fekk merke at det var fotballkamp på gang når du møtte han...
  • MIDTBANE: Atle Torvanger. Elegant og flott spelar på både Sogndal og Brann. Hadde store kvalitetar.
  • MIDTBANE: Rune Buer Johansen. Ein spelar det ikkje var lett å stoppe. Var overalt. Stor kapasitet.
  • VENSTREKANT: Tommy Øren. Kunne levere det uventa, og markerte seg som ei uortodoks spelar i ung alder.
  • SPISS: Svein Bakke. Spiss av internasjonalt format.
  • SPISS: Tore André Flo. Uortodoks spelar, med ei stor internasjonal karriere.

Les alle dei tidlegare sakene i kåringa i margen til høgre.

- Spissane det svakaste leddet?

I føremiddagssendinga var Svein Bakke med som gjest, då laget vart presentert for radiolyttarane.

- Dette var veldig kjekt. Eg var litt spent, det var mange gode konkurrentar. Så det er triveleg å få bli med i denne gjengen, seier Bakke.

- Eg har spelt med dei fleste på laget, konkluderer han.

- Kor godt er eigentleg dette laget?

- Eg synest midtbana er bra samansett, og det er backrekka også. Det er kanskje meg og Tore André som er det svakaste leddet - kanskje er vi litt for like, spekulerer Bakke.

  • Kva meiner du om dette laget? Kor godt kunne dei ha gjort det i eliteserien? Sei di meining i kommentarfeltet nedst på sida.

Det er no under ei veke til Sogndal igjen er tilbake i eliteserien, og tidenes Sogndal-lag manglar no berre ein trenar. Han kan du bli med og stemme fram her: