Hopp til innhold

Sjå lista over kvar uveret Dagmar gjorde mest skade på vegane

Statens vegvesen er godt i gang med oppryddinga etter uveret i jula. Men enno er det mange usikre moment på lista over tiltak dei har sendt til fylkeskommunen.

Fylkesveg 724 til Oldedalen

SKADER PÅ VEGEN: Fylkesveg 724 til Oldedalen er ein av dei vegane som må utbetrast.

Foto: Styrkår Kvame

Kostnadane fordeler seg på 10,7 millionar i indre Sogn, 13,9 i midtre Sogn, 4,3 millionar i HAFS-regionen, tre millionar i Sunnfjord og 37 millionar kroner i Nordfjord. No er ei spesifisert liste send til vegeigar Sogn og Fjordane fylkeskommune.

  • Heile lista over alle skadane finn du nedst i saka.

Allereie i romjula gjorde Statens vegvesen eit overslag over kor mykje skadane ville koste å reparere. Dei kom fram til om lag 120 millionar kroner og avdelingsdirektør Nils Magne Slinde seier det er dette talet dei held seg til no også.

– Dette er dei same summane som vi kom fram til i romjula etter å ha snakka med byggleiarane. Det er fordelt på 40 millionar kroner på riksvegane og 80 millionar på fylkesvegane.

Men det er store usikkerheitsmoment, mellom anna gjeld det fylkesveg 664 mellom Grodås og Otterdal i Hornindal kommune. Slinde seier at han ikkje veit kva sum dei endar på her.

– Her har vi enno ikkje rekna heilt ferdig og beløpet kan blir større. Det gjeld også eit par andre plasser på lista.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vegen til Flo er stengd etter fleire ras

Vegen til Flo blei stengd etter fleire ras. Framleis er det store skader her.

Foto: NRK

Håper på oppstart til sommaren

Mange av dei jobbane som står på lista kan setjast i gang raskt eller er sette i gang. Men mange stader har deler av vegane forsvunne heilt og må kanskje byggjast opp på ein ny måte.

– Der må vi få inn på geolog-teknisk kompetanse, betongfolk og laga teikningar korleis det skal byggjast opp på nytt slik at det toler uver ein annan gong. Vi må lyse ut arbeidet på anbod og så blir byggjeprosessen sett i gang. Det kan bety oppstart til våren eller sommaren.

Fleire stader som er usikre

Dei største jobbane er der det har vore store utvaskingar over lange strekningar.

– Det har vi på fire-fem stader, der bølgjene 1. juledag vaska under veggrunnen slik at vegen rasa ut. Dette er det mest kompliserte. Vi har også ein del rasløp som må ryddast opp.

– Kven skal betale for utbetringane?

– Vi har sendt dette oppsett til fylkeskommunen som er vegeigar for å få ei avklaring. Det er dei som må vurdere kva dei gjer vidare for å skaffe pengar til dette, eventuelt gi oss tilbakemelding på om det er nokre av jobbane som ikkje skal utførast. Dei må også finne ut om det skal finansiert på anna vis, til dømes ved å stoppe andre prosjekt.

– Er det andre stader enn vegen til Otterdal de er usikre på korleis vegen skal reparerast?

– Ja, det er fleire stader vi er usikre på korleis vi skal løyse det. Der vil fagfolk gå i gang og lage planar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vegen til Otterdal vart vaska vekk 1. juledag 2011.

VASKA VEKK: Vegen til Otterdal forsvann 1. juledag.

Foto: Privat

Nedbøren skada mest

Det er også sett av ein sum på 10 millionar til skader som enno ikkje er oppdaga. Det gjeld særleg drensystem, der skadane kanskje ikkje kjem fram før til våren.

– Det gjeld mellom anna stikkrenner, utrasingar og utvaskingar som vi ikkje har oppdaga. Det er også stor uvisse om ein del av postane lenger oppe på lista.

Det meste av skaden i indre Sogn skuldast ekstremnedbøren som kom 2. juledag.

– Her er dei fleste skadane på grunn av flaum og ikkje vind frå orkanen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras sperrar fylkesveg 92 Arnafjorden i Vik

RASA OVER VEGEN: Fylkesveg 92 i Arnafjorden i Vik fekk store skader i uveret.

Foto: Grunde Engan

Sært gamle vegar

Slinde reknar med at mykje av arbeidet er gjort i løpet av 2012. Han seier at grunnen til at det blir så dyrt, er at det blei omfattande skader på vegnettet.

– Mange av vegane er svært gamle og bygde med handmakt og småstein for 50 til 100 år sidan. Det er mellom anna tredje gong av vegen til Otterdal blir vaska vekk.

– Vi må bruke kraftigare og anna byggjeteknikk som er mykje meir kostbar. Det har vi moglegheit til i dag for å hindre at slik skjer igjen. Men vi har eit stort og gammalt vegnett, som ikkje toler slike belastningar som eit uver. Sjølv om vi reparerer skikkeleg ein stad, så har vi ingen garanti for at det ikkje vil skje det same andre stader på vegen.

Skader på fylkesvegar

Region

Stad

Tiltak 

Kostnad

Indre Sogn

 

10,7 mill

 

Fv 53 Fordnes - Årdalstangen

 Opprydding etter ni ras, samt oppattbygging av rasvoll

4,5

 

 

 Utvasking av veg, omlag 500-1000 meter. Tiltak og kostnad blir utgreidd

?

 

 

Strakstiltak opprydding/plastring

2,7

 

Fv 607 Undredal

Ras

2,0

 

Fv 243 Lærdal - Erdal

Utvasking av veg (400 m), vegbana delvis innsnevra. Tiltak og kostnad blir utgreidd 

?

 

Div fylkesvegar i indre Sogn

Diverse ras/utvasking

1,5

Midtre Sogn

 

13,9

 

Fv 55 Dragsvik ferjekai

Reperasjon av kai

2,0

 

Fv Dragsvik - Esefjorden

Skognedfall, diverse opprydding, rekkverk

0,8

 

Fv 55 Esefjorden

Ras

1,0

 

Fv 55 Skjolden - Sogndal

Skognedfall, diverse opprydding, rekkverk

1,0

 

Fv 55 Lånefjorden

Opprydding etter ras

2,0

 

Fv 92 Arnafjord

Ras, drensrøyr, diverse opprydding

2,3

 

Fv 182 Feios - Fresvik

Skognedfall, diverse opprydding, rekkverk

0,5

 

Fv 331 Skjolden -Urnes

Skognedfall, diverse opprydding, rekkverk

1,3

 

Fv 337 Hafslo - Veitastrond

Skognedfall, diverse opprydding, rekkverk

0,5

 

Diverse fylkesvegar i midtre Sogn

Skognedfall, diverse opprydding, rekkverk

2,5

HAFS

 

4,3

 

Fv 609 aust for Hundsåna

Rydding av ras + ekstra ferje Dale - Eikenes

1,0

 

Fv 609 aust for Hundsåna

Fanggjerde og nett

1,8

 

Fv 609 Gravdal bru

Skader elva, bru/landkar, førebygging

1,0

 

Diverse fylkesvegar

Skognedfall, diverse opprydding, rekkverk

0,5

Indre Sunnfjord

 

3,0

 

Fv 615 Hyestranda

Opprydding etter ras

2,0

 

Diverse fylkesvegar

 

1,0

Ytre Sunnfjord

 

0

Nordfjord

 

37,0

 

Fv 664 Otterdalsstranda

1,7 km veg er rasa ut. Ny veg eller tunnel?

30,0

 

Fv 724 Oldedalen

Ras

2,0

 

Fv 722 Storesunde - Flo

Opprydding/reperasjon av fleire ras

5,0

Diverse reparasjonar

 

10,0

Totalt

 

78,9

Kjelde: Statens vegvesen

 

Ekspander/minimer faktaboks