Hopp til innhold

Her er ferjene på plass - Norled budde på å ta over

Splitter ny ferjekai, nytt lokalt ferjenamn, men med ei ferje mindre enn planlagd fordi den miljøvenlege kronjuvelen manglar: Norled meiner dei er godt budde til å ta over ferjesambandet over Sognefjorden mellom Lavik og Oppedal frå 1. januar.

Ny ferjekai Lavik

PÅ PLASS: M/F Stavanger (biletet) låg tysdag til kai ved den nye ferjelemmen i Lavik. Måndag kveld ankra også M/F Oppedal opp som det sømer seg - i Oppedal.

– Vi har god kontakt med dei som har arbeidd på sambandet tidlegare. Vi har dei to første fartøya på plass. Vi har hatt testar med nytt personell. Vi trur det skal gå veldig bra, men det er alltid litt sommarfuglar i magen når vi skal i gong med eit så stort prosjekt på ein ny stad, seier Inge Andre Utåker.

Driftssjefen for ferjer i Norled tek over ansvaret for sambandet langs E39 ved midnatt nyttårsaftan. Dei to ferjene MF Stavanger, som kjem frå Tau-sambandet i Rogaland, og MF Oppedal, som kjem frå Møre, skal frakte passasjerane trygt mellom den nye ferjekaien på Lavik og den nyopprusta kaien på Oppedal. MF Oppedal er eit nytt namn. Ferja heitte tidlegare MF Tidesund, men er no altså kalla oppatt etter ferjebygda på sørsida av Sognefjorden.

– Bra tilbod til folk trass forseinka kronjuvel

Batteriferja Ampere

LITT FORSEINKA: Batteriferja Ampere.

Foto: Norled

Mannskap på Oppedal og Stavanger må vente nokre veker til før dei får selskap frå MF Ampere, verdas første batteridrivne ferje. Utåker seier det endå er litt uklart når ho kjem i drift, men håpar på å kome i gang om to til tre veker.

– Dette er nyvinning, eit nybrottsarbeid og eit testprogram, og det ligg i sakens natur at det då kan dukke opp ting vi ikkje har sett på førehand. Så det er noko uvisse rundt dette framleis.

Inge Andre Utåker

REGIONSSJEF I NORLED: Inge Andre Utåker.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ladestasjonen til batteriferja er installert og testa på Oppedal, men endå ikkje montert på Lavik. Difor vil ferja gå med redusert kapasitet.

– Det blir eit bra tilbod til publikum likevel. Allereie med to ferjer er det ein betydeleg vekst i kapasitet frå det det har vore i den gamle kontrakten, for vi kjem til å køyre med høgare fart over fjorden for å kompensere for bortfall av den tredje båten, seier Utåker.

Ferjene vil gå kvart 25. minutt på dagtid. På fredagar og søndagar blir ei ekstra ferje sett inn, og det blir avgangar kvart 20. minutt. Når MF Ampere er i full drift, blir det 20. minuttars avgangar kvar dag. Den første avgangen går ifølgje rutetabellen ved midnatt nyttårsaftan, frå Oppedal.

– Viktig for trafikksituasjonen og miljøet

Første køyretøy over ny ferjelem i Lavik

FØRST: Første køyretøy over ny ferjelem i Lavik. Martin Bjørkhaug og brøytehjullastaren hans.

Foto: Martin Bjørkhaug

Samstundes som eit nytt reiarlag tek over ferjedrifta vert også nye E39 gjennom Lavik verte opna for trafikk. Den aller første til å krysse ferjelemmen på den nye kaien i Lavik, var Martin Bjørkhaug, med hjullastaren då han skulle skufle snø på kaien måndag kveld.

– Eg skulle moke kaien. Det var fint ha seg ein tur over den nye ferjelemmen. Det er ei stor hending å få ny kai. Vi har hatt ei dårleg trafikkløysing i mange år, men no løyser det seg. Trygg og god veg til og frå ferja er viktig, seier Martin Bjørkhaug.

Førebels er det berre den eine av dei to nye ferjelemmane i Lavik som står ferdig. I tillegg er berre deler av oppstillingsplassen på den nye kaien ferdig. Den andre ferjelemmen og resten av kaianlegget med parkeringsplassar står først ferdig på seinsommaren 2015. Men alt nyttårsaftan vil trafikken på E39 verte leia utanom Lavik sentrum, langs stranda og ned på den nye ferjekaien.

Også ordførar Petter Sortland (Ap), gler seg stort over den nye ferjekaien.

– Det er veldig kjekt at miljøvenleg teknologi gjer sitt inntog i transportbransjen. Det er også svært viktig fordi det gir ein langt betre lokal trafikksituasjon, og betre trafikksituasjon langs E39. Det er eit visuelt kjempeløft for Lavik også, når alt er klart.

Fest til våren

No lovar ordføraren stor markering i bygda til våren.

– Vi diskutererte korleis vi skulle gjere det på eit møte med Statens vegvesen nyleg. Vi tek ei markering til våren, kanskje i april. Då er vêr og føre betre, vi kan få på plass underhaldning, og Ampere er i full drift, seier Sortland.

I Oppedal er det også bygt ein ny ferjelem, i tillegg til at oppstillingsplassen er utvida.

Ny ferjekai i Lavik under byggjing

SJÅ VIDEO: Frå då Lavik ferjekai var under utbygging, og prosjektleiar Oddvin Hov i Statens vegvesen gav NRK ei omvising.

Verdas første batteridrevne ferje på veg ut frå verftet i Gdansk i Polen på veg til Norge.

FØRSTE I SITT SLAG: Skroget til verdas første batteridrivne ferje i slep ut frå verftet i Gdansk. No har ho vorte utrusta i Hardanger, og skal snart settast i drift på Sognefjorden.