Hopp til innhold

Vektløftarane er klare for EM – uttaket er klart

Sindre Rørstadbotten hadde flaks. Han fekk EM-billett til Førde saman med fleire løftarar frå Naustdal.

Sindre Rørstadbotten

GRISEFLAKS: Sindre Rørstadbotten løfta ikkje maks i helgas NM. Men fekk likevel plass i EM-troppen.

Foto: Gregor Winter/All things gym

Laguttaket til EM i Førde 10.–16. april vart klart i dag. Tambarskjelvar IL har fått fem deltakarar i troppen.

For Sindre Rørstadbotten har det vore to spennande dagar etter at NM ikkje gjekk heilt som venta. Han fekk beskjeden om uttaket rett før han gjekk på trening.

– Det var heilt tilfeldig at eg såg eg vart tatt ut. Treningsmotivasjonen steig ti hakk. Det var veldig oppløftande for å seie det mildt, seier ein andpusten Rørstadbotten frå treningsstudio.

Sov ikkje godt i natt

Han er svært audmjuk over uttaket.

– Eg må no berre takke veldig fint for at eg vart tatt ut.

Under helgas NM vart han andre bestemann totalt, med 346,6 poeng. Han hadde håpa å tatt med seg Kongepokalen heim. Han vedgår at dei siste dagane har vore nervepirrande.

– Eg må innrømme at eg sov ikkje så veldig godt i natt, så det er veldig kjekt og veldig herleg å bli tatt ut.

– No må eg berre trene på. Det vart litt enklare å ta i når eg no veit at EM er i boks, seier Rørstadbotten.

Rørstadbotten får i tillegg med seg Jantsen Øverås og Vebjørn Varlid frå Tambarskjelvar IL.

Har jobba målretta

For jølstringen Marit Årdalsbakke kom ikkje uttaket like overraskande.

– Det var veldig kjekt. Men ein veit ikkje sikkert før ein har fått det skriftleg. Men eg hadde eit stort håp.

Marit Årdalsbakke

SIKRA: Marit Årdalsbakke frå Jølster sikra seg EM-billett.

Foto: Privat

Årdalsbakke vart noregsmeister i -63 kg klassen, og tredje beste kvinne totalt. Ho har jobba målretta for å bli tatt ut til EM.

– Eg har tenkt at eg skal vere med og det har vore målet heile tida.

Landslaget har allereie starta treninga mot EM, og har samling i Oslo. No gler Årdalsbakke seg til å løfte på heimebane.

– Ekstra spennande når EM går på heimebane. Det blir masse kjentfolk som publikum og god stemning. Så det blir stas.

Ho er teken ut saman med Ine Andersson, også ho frå Tambarskjelvar IL.