Hopp til innhold

Her er DSB sin skarpe kritikk mot brannvesenet etter brannane

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har i to rapportar i dag kome med sterk kritikk mot det lokale brannvesenet sin innsats i brannane i Gudvangen, Lærdal, Frøya og Flatanger.

Brannar

STORE BRANNAR: I dag blei det lagt fram to kritiske rapportar om brannane i Gudvangatunnelen, Flatanger, Lærdal og Frøya.

Foto: arkiv / NRK

I dei omfattande evalueringsrapportane går DSB rett i strupen på korleis brannvesenet løyste dei vanskelege oppgåvene i samband med tunnelbrannen i Gudvangen i fjor sommar, tettstadbrannen i Lærdal i vinter, samt skog- og lyngbrannane i Frøya og Flatanger.

I rapportane går det tydeleg fram at DSB ønskjer ei ny organisering av brannvesenet i Norge, med større einingar og langt tydlegare leiing både lokalt, regionalt og nasjonalt.

– Vi har i dag 260 brannsjefar og 286 einingar. Dei fleste er bitte små, og vi har behov for vesentleg større einingar for å kunne dyrke fram den leiarkompetansen vi treng, seier fungerande direktør i DSB, Anne Rygh Pedersen, til Aftenposten.

– Mangla organisering og oversikt

Rygh Pedersen har så langt ikkje vore tilgjengeleg for kommentar til NRK. I dei to rapportane kjem det fram ei rekkje kritiske punkt i høve alle dei fire brannane, der det meste av kritikken går på organisering og leiing.

Mellom anna skriv DSB følgjande om brannane i Lærdal, på Frøya og Flatanger:

– Den første fasen av brannane i Lærdal, Flatanger og Frøya var til dels prega av mangel på organisering og lite oversikt.

Ikkje store nok brannvesen

Vidare peikar DSB at det var vanskeleg å leie innsatsen under brannane, særleg i den første fasen.

– Dette skuldast mange forhold, til dømes at kommunikasjons- og sambandsløysingane var dårlege eller fråverande. Men brann- og redningsvesena er sjølv også tydelege på at dei ikkje er dimensjonert eller øva for å handtere hendingar av denne storleiken, står det i rapporten.

Utdrag frå dei kritiske rapportane:

  • Lærdal, Flatanger og Frøya: Det er behov for ein gjennomgang av samhandlinga mellom brannvesenet sine leiarar, leiarstøtte, politiet, og sivile og militære helikopter i slokkeinnsats
  • Lærdal: Det låg ikkje føre nokon innsatsplan som koordinerte den innleiande innsatsen. Brannmannskap frå ulike brann- og redningsvesten organiserte seg sjølv utan særleg kunnskap om annan innsats
  • Lærdal: Lærdal kommune har sidan 2011 hatt felles brannsjef med Årdal, men utan at vedkomande har hatt formelle fullmakter frå kommunen
  • Lærdal, Flatanger og Frøya: Uklart kven som faktisk leia innsatsen
  • Gudvangen: DSB er kjend med at det har vore eit utfordrande samarbeid mellom Aurland brannvesen og Statens vegvesen. Det kan synast som om manglande evne til samarbeid mellom tunneleigar og lokal tilsynsmyndigheit har bidrege til mangel på planar
  • Gudvangen: Bergen brannvesen burde ha vore varsla umiddelbart for å styrke redningsinnsatsen
  • Gudvangen: Det er ikkje ein tilfredsstillande rutine at øvste brannbefal skal vurdere omfanget av hendinga før ytterlegare ressursar vert kalla ut
  • Gudvangen: Den strategiske leiinga av innsatsen var mangelfull som følgje av manglande innsatsplanlegging, uklar organisering og manglande funksjonsdeling
  • Gudvangen: Brannsjefen vurderte at han tok vare på tryggleiken for eigne mannskap best ved å rykkje inn og bli verande i tunnelen for å leie innsatsen. Dette valet førte til at kommunikasjonen med 110-sentralen og andre naudetatar blei vanskeleggjort og at den strategiske og koordinerande leiinga var lite effektiv

Ordførar Noralv Distad i Aurland er sterkt usamd i den omfattande kritikken som har kome mot innsatsen i Gudvanga-brannen. NRK har vore i kontakt med brannsjef Arvid Gilje i Aurland, men han er på ferie og vil førebels ikkje kommentere det som kjem fram i rapporten.

Brannsjef for Lærdal og Årdal, Gaute Johnsgård, seier han ikkje ser på rapporten som kritikk frå DSB.

– Dei har sett på det som er gjort og så har dei kome med evalueringar og det skal vi ta til oss, seier brannsjef Gaute Johnsgård i Lærdal, seier han.