Hopp til innhold

Her er det meir fyll og bråk

Lensmann Tormod Hvattum hadde inntrykk av at det var meir støy, fyll og bråk i Vågsøy enn i kommunane rundt. No har han fått det svart på kvitt.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

MEIR BRÅK: Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum har inga forklaring på kvifor det er meir ordensforstyrringar i Vågsøy enn i kommunane rundt.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

Ei analyse utarbeidd av Sogn og Fjordane politidistrikt syner at Vågsøy har dobbelt så mange tilfelle av ordensforstyrringar som nabokommunen Eid, skriv Fjordenes Tidende måndag.

Det var lensmannen sjølv som ville sjå nærare på dette, då han gjekk rundt med eit inntrykk av at det var fleire ordensforstyrringar i Vågsøy enn i kommunane som ligg rundt.

- Fakta, ikkje synsing

Fjordenes Tidende skriv at analysen tek for seg kommunane Selje, Eid, Stryn, Hornindal, Vanylven og Vågsøy. Tala er henta frå femårsperioden mellom 2006 og 2010.

Sjølv om det bur om lag like mange i kommunane Eid og Vågsøy har sistnemnde altså registrert dobbelt så mange ordensforstyrringar.

– I staden for å synse held vi oss no til fakta, seier Hvattum til avisa.

Veit ikkje kvifor

Lensmannen og dei andre i politiet i kommunen har over tid lagt merke til det dei opplever som ein tendens til meir bråk og fyll i Måløy enn andre stader i helgane. Til Fjordenes Tidene seier Hvattum at dei ikkje kan seie noko om årsaka.

Politiet veit at månaden dei no er inne i betyr fleire rusa menneske i gatene, og lensmannen håpar fleire vaksne kjenner seg kalla til å gå natteramn.

– Natteramnar verkar preventivt, og i har også fått tilbakemelding frå ungdom om at det har effekt, seier Hvattum til Fjordenes Tidende.