Hopp til innhold

Her er Johanne første kvinne over hengjebrua 160 meter over bakken

Johanne Heggheim fekk sjansen til å bli første kvinne over den luftige Via Ferrata-brua i Loen. 160 meter rett ned, fekk det definitivt til å krible litt ekstra i magen.

Johanne på brua

JIPPI: Her vert Johanne Heggheim første dame over Via Ferrata-brua i Loen.

Foto: Jan Heggheim/privat

– Eg fekk vere med det laget som bygde brua opp ein dag. Det var ei heilt fantastisk oppleving. Heilt rått, seier Heggheim.

Men ho innrømmer at det var litt ekstra spennande då ho steig utpå bra første gong.

– Du kjenner at dette skal du ikkje gjere, i det du stig utpå. Det er jo litt vilt. Men så må du berre stole på utstyret. Men eg var litt skjelven. Men etter eit par gonger, var det berre kjekt, seier Heggheim.

Er Europas lengste

Dermed kan ho titulere seg som første kvinne over den luftige, smale hengjebrua som dinglar 160 meter over bakken i Loen. Ifølgje ein av dei som bygde brua, er dette Europas lengste Via Ferrata-bru.

– Han som var leiar for dei som bygde det, har bygd over 20 slike bruer elles i Europa. Dette er den lengste, seier Heggheim.

Den smale hengjebrua er ein del av klatreruta Via Ferrata Loen. Ei rute som har gitt hundrevis av turglade sprekingar ei fantastisk utsikt over Loen.

Brua går over over eit kjempestort juv. Og medan du har spektakulær panoramautsikt eine vegen, har du ei bratt steinur andre vegen. Dermed får du til fulle kjenne på kor høgt oppe du eigentleg er.

(Artikkelen held fram under biletet)

Første kvinne over

KICK: – Det er eit utruleg kick å gå over brua! Heilt enormt, seier Johanne Heggheim.

Foto: Jan Heggheim

Vil merke det godt, viss det bles

– Brua er 118 meter lang, så det er klart at er du der ein dag det er litt vind og vêr, så merkar du det nok, ler Heggheim.

Hengjebrua skal offisielt opnast den 24. august, då skal kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) klippe snora.

Men første kvinne over, blir ho ikkje.

– Niks, det vart meg, ler Heggheim.

Frå hengjebrua kan du, om du ikkje får høgdeskrekk og knip att augo, sjå ei fantastisk utsikt over Lodalen, ja endåtil til Oldedalen, dersom vêret er godt nok.

– Det er mest ikkje ord til å beskrive utsikta. Den må opplevast, seier Heggheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Luftig

LUFTIG ARBEIDSPLASS: Magne Per Skåden er ein av dei som har hatt ein luftig arbeidsplass der dei har jobba med å byggje utsiktsplattform.

Foto: Jan Heggheim

Namnet kjem frå Italia

Starten på Via Ferrata ligg på vel 440 meter over havet, og herifrå går ein festa til ein stålwire. For å kome seg til toppen må ein klatre og delvis gå rett opp fjellet til ein kjem opp til 880 m.o.h.

Namnet Via Ferrata kjem eigentleg frå Italia. Under første verdskrig bygde dei ein type jernveg over dei store toppane ein måtte over. Med steg inn i fjellet klarte ein å ta seg over fjella, utan å gjere seg skade opp dei stupbratte fjellsidene.

Hausten 2011 vart det laga til noko liknande i fjellsida i Loen. 850 meter med stålwire er festa langs fjellryggen, slik at folk trygt kan ta seg opp langs berg og steinknausar.

Hengjebrua

SER LANGT: Utsikta er det ikkje noko å seie på.

Foto: Jan Heggheim