Hopp til innhold

Her er dei tomme for rakfisk

I Jølster er hyllene skrapa for den illeluktande delikatessa. Og det halvannan månad før jul.

Tomt for rakfisk

TOMME HYLLER: Rakfisk har blitt ei populær matvare, også i Sogn og Fjordane. Her frå ein butikk i Jølster.

Foto: Eirik Hjelmbrekke, Spar Jølstraholmen

– Det er utruleg kor salet av rakfisk har auka lokalt, vi skal ikkje gå mange år tilbake før vi nesten ikkje selde noko, seier Finn Årdal, eigar av Jølster Rakfisk.

Før gjekk det meste ut av fylket. I dag leverer han halvparten til Austlandet, resten i Sogn og Fjordane. No er lageret på 1400 kilo rakfisk tømt. Det har aldri skjedd før.

– Det er ingen tvil om at vestlendingane har fått sansen for rakfisken, seier Årdal.

Vil ikkje gjere same feil to gonger

Han trur han har treft ein nisje. Rakfisken frå Jølster er nemleg laga av villfisk, noko berre eit fåtal produsentar kan levere.

– Det er ein god del entusiastar som vil ha ekte vare, då er jølstrafisken noko med det beste ein kan skaffe i Norge, seier Årdal.

Eirik Hjelmbrekke ved Spar Jølstraholmen seier det er tidleg pågang og større etterspurnad i år enn i fjor. Tomme hyller er noko han ikkje vil gjenta neste sesong.

– Eg må førehandsbestille tidlegare neste år, seier Hjelmbrekke, som no prøver å fylle hyllene med rakfisk frå Valdres.

Villfisk er i vinden

Men også der har dei fått merke den auka etterspurnaden.

Valdres Rakfisk er ei samanslutning av seks produsentar, som sender ut 30 til 40 tonn rakfisk årleg. Også dei brukar villfisk som råvare. Heller ikkje dei greier å produsere nok.

– Det er ein jamn etterspurnad, og det har det vore over fleire år, seier Nils Noraker i Valdres Rakfisk.