Hopp til innhold

Her er 50 år med skulehistorie slutt

VÅGSØY (NRK): Den falleferdige Vågsøy ungdomsskule har levd i nåde frå Arbeidstilsynet i mange år. Men no er det slutt. Den meir enn 50 år gamle skulen skal jamnast med jorda.

Råtne vinduskarmar og elendig inneklima. Den falleferdige Vågsøy Ungdomsskule har i fleire år levd på nåde frå arbeidstilsynet, men no er det slutt.
Meir enn 50 år med skulehistorie skal jamnast med jorda.

I 51 år har det ringt inn til skule ved Vågsøy ungdomsskule. Men no har klokka ringt for siste gong. Forfallet ved skulen er stort. Vindaugskarmar er rotne og vindauga er spikra att for å halde dei på plass.

– Vindauga er så dårlege at dersom vi opnar dei, så dett dei rett ut med karmar og alt, seier rektor ved Vågsøy ungdomsskule Kåre Bakke.

Det har vore ein lang og kronglete veg fram mot ny skule, og saka har vorte utsett gong på gong. I oktober i fjor gjekk over 500 personar i fakkeltog for å få fortgang i prosessen. I desember i fjor vart det politisk fleirtal for å byggje ein splitter ny ungdomsskule i Måløy til 120 millionar kroner. Etter planen skal skulen stå klar i årsskiftet 2017/2018.

Første pult på plass

BAR PULTAR: Elevane hjelpte sjølve med på flyttinga. Her dokumenterer rektor Kåre Bakke at dei første pultane kjem på plass i den mellombelse modulskulen.

Foto: Steinar Lote / NRK

Kjende på eit snev av vemod

Når gamleskulen no skal rivast, er det litt av ein flyttesjau som må gjennomførast.

At skulen skal jamnast med jorda, tykkjer elevane er heilt greitt.

– Det var frykteleg luft der, og vi måtte opne vindauga om vinteren for å ikkje få vondt i hovudet. Det blir bra å flytte, seier Reedin Blålid Hodne i 8a.

Men nokre kjende også på ei kjensle av vemod over å skulle forlate ein bygning for godt som dei har mange minner knytte til.

– Det er ein spesiell dag. Eg har jobba her i snart 30 år og til og med vore elev her sjølv. Det er klart det gjer noko med ein, seier rektor Bakke.

Jubla over mellombels skule

KJEKT: Elevane var samde om at dei kjem til å få det bra i den mellombelse skulen medan nyskulen vert bygd.

Foto: Steinar Lote / NRK

Ser fram til ein ny kvardag

218 elevar flytta i dag til den mellombelse modulskulen på fastlandet. Ein etter ein kom dei 218 pultane på plass i det som skal vere skulen deira i ei stund framover.

– Det er kjekt. Vi har venta lenge på dette, seier Bakke.

Elevane var iallfall klare i sin dom då dei fekk setje beina sine i nye lokala som skal huse dei i tida framover.

– Dette var mykje betre. Skikkeleg bra, seier Hodne.