– Eg vil ikkje tilrå sommardekk dersom ein skal over Sognefjellet i dag. Det er bratt både oppstigninga og nedkøyringa, så her bør ein ha vinterdekk, seier vakthavande ved Vegmeldingssentralen i Lærdal, Arne Stadheim.

Uventa mykje snø og fokk førte tidlegare laurdag til at ekspressbussen mellom aust og vest var ståande fast ved Opplljostunnelen på riksveg 15 over Strynefjellet.

Leiarbilen for kolonnen køyrde seg bom fast. Det førte til at bussen og dei vel 40 bilane bak denne, vart ståande på fjellovergangen i over to timar.

Må køyre etter tilhøva

Sjølv om vi altså snart er komne til 1. mai, kan køyretilhøva på fjellovergangane minne om ei heilt anna årstid.

– Ein må køyre etter tilhøva, ikkje etter datoen, seier Stadheim.

Også over Strynefjellet kan det vere krevjande køyretilhøve dersom ein berre har sommardekk på bilen.

Fare for glatte parti

Status på dei andre fjellovergangane inn og ut av fylket er laurdag ettermiddag stort sett bare vegar.

– Det er stort sett bart, men det kan vere fare for glatte parti. Det er ofte lite som skal til, og dersom ein kjem over eit slikt skuggeparti, så kan det vere styggeleg glatt, seier Stadheim.

Vêrutsiktene ser bra ut vidare inn i helga. Men det betyr ikkje at du ikkje treng uroe deg for glatt veg.

– Morgondagen ser ut til å bli flott. Men når det er klårvêr, så betyr det også at ein må vere ekstra obs tidleg på dagen. Faren for at nattefrosten framleis ligg slik at det er glatteparti, er stor, seier Stadheim.

FotbalI-lag måtte snu og køyre rundt

Ifølgje fotballklubben Tornado Måløy vert kampen mellom Florø Sk og TMFK i dag minst 15 minuttar forseinka grunna snøfall i Mykelbustdalen mellom Svelgen og Florø.

Dette skuldast rett og slett at TMFK-spelarane var skodde med sommardekk, og at dei måtte snu og køyre om Førde.

– Vi har fått fleire meldingar i føremiddag om at det også var ein del glatte vegar i låglandet og i ytre strok, seier Stadheim.