Hopp til innhold

Her blir dei kursa i kompisberging

Blir du eller kollegaen din teken i snøskred, må dei etterfølgande minuttane brukast på best mogleg måte til hjelpemannskapa kjem. Og minutta går fort ...

Norsk Hydro og Østfold Energi lærer om snø og skredfare.

KURS: Tilsette i Norsk Hydro og Østfold Energi lærer om snø og skredfare.

Foto: Elias Engevik / NRK

For første gong blir arbeidarar i ulike energiselskap kursa i trygg ferdsel i fjellet.

Knut Skår, hundeførar i Norske Redningshunder

HUNDEFØRAR: Knut Skår heldt kurset til Norske Redningshundar.

Foto: Elias Engevik / NRK

– Dei er av den kategorien folk som er mykje ute i fjellet. Dei sjekkar damanlegg, linjer og tek snøprøver om vinteren for å vurdere kor mykje vatn som kjem i magasina til våren, seier arrangør Knut Skår.

Kort overlevingstid

Naturkreftene slår til når ein minst ventar det. Og dei kan råke fatalt.

Minutta går fort når ein veit at redningstenesta ofte brukar 30–40 minuttar på å komme seg fram til eit skred.

Norske redningshundar lærer kraftbransjen korleis dei skal ferdast i skredfarleg terreng.

SJÅ VIDEO: Rolf Bergstrøm fortel om korleis ein kan vurdere snøen. (FOTO/REDIGERING: ELIAS ENGEVIK/NRK)

– Overlevingstida i eit skred er relativt kort. Etter ti minuttar kan 90 prosent av dei som overlevde sjølve skredet vere i live. Etter tretti minuttar kanskje berre ti prosent. Eller mindre, seier Skår, som er hundeførar i Norske redningshundar.

– Alle har godt av å lære meir

Det er mykje ein kan gjere for å unngå å hamne i fare . Og det er ikkje berre skientusiastar og friluftslivsmenneske som er i faresona. Difor har det vore ekstra mykje aktivitet i fjellheimen ved Tyinosen i Årdal i det siste.

Der har tilsette i Hydro og Østfold Energi har lært meir om trygg ferdsel i fjellet.

– Alle har godt av å lære meir, seier Skår.

Lært seg å vurdere

Ved Tyinosen har kursdeltakarane gjennomført stabilitetstest og teke prøvar av snøen for å sjekke skredfaren.

Dei har også vore med på skredsøk med digitale sendarar for å lære seg korleis dei raskt kan hjelpe kollegaen ut av eit eventuelt skred.

– Vi har hatt fokus på å unngå å komme i situasjonar der ein kan bli tatt av skred. I tillegg til å lære om snø og snøforhold, så dei er i stand til å vurdere faren for at det kan gå skred, seier Skår.

Tilsette i energibransjen er ofte ute i relativt bra vêr, men er likevel eksponert for naturkreftene.

– Forholda endrar seg, og då er det viktig å kunne ta eigne vurderingar når ein står inne i fjellheimen. Er dette ei rute eg bør køyre, eller bør eg ta ei anna rute i dag, seier han.