Hopp til innhold

Betalar store summar for å fiske i Årøyelva

Mens debatten stadig går om kor vidt cruiseturistane på Vestlandet legg att pengar på land, finst det dei som betalar mellom 100.000 og 300.000 for nokre dagars ferie. Ferie med luksusfiske.

Bli med på fiske i Årøyelva i Sogndal. Pris: frå 94.000 kroner stonga.

SJÅ TV-REPORTASJE: Turistane som gjestar Årøyelva i Sogn som sportsfiskarar legg att meir pengar enn dei fleste av oss.

Mark Harris

– VERDT PRISEN: Mark Harris meiner opplevinga i Årøyelva er verdt kvar krone, trass i at det kostar flesk.

Foto: Silje Bråstad / NRK

– Eg kjem hit mest på grunn av naturen. Norge er fantastisk. Fiskinga er ein bonus, men å fange noko, er heilt utruleg.

Det seier briten Mark Harris.

Utstyrt med ei gedigen laksestong møter han NRK.no langs breidda lans Årøyelva i Sogndal.

Kongen og andre kjendisar

Som ein kontrast til cruiseturistar som brukar det meste av pengar, vel nokre få å bruke fleire hundre tusen på laksefiske i eksklusive elver som denne. Til stor glede for dei som sel fiskerettar.

Knut Munthe Olsen

VERTEN: Knut Munthe Olsen.

Foto: Silje Bråstad / NRK

– Det er eit fantastisk privilegium å ha eit produkt som ei lakseelev gir, og folk som vil komme og betale for. Men vi jobbar hardt for at dei skal trivast godt, seier Knut Munthe Olsen.

Han er gift inn i den niande generasjonen som eig Årøyelva og fungerer som vertskap, kokk og alt moglegmann for fiskegjestene i den myteomspunne elva.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Kong Harald fiskar laks i Årøyelva.

KONGE-FISKE: Her fiskar kong Harald i Årøyeleva sommaren 2012.

Foto: Privat

Årøyvassdraget med den kraftregulerte Helvetesfossen strekkjer seg berre 1500 meter frå tuppen av Hafslovatnet og ned til botnen av Sogndalsfjorden. Av desse er det mogleg å fiske på ein strekning på 1200 meter.

Men trass i at dette er eit av dei kortare vassdraga blant landets 400 lakseførande elver, blir Årøyelva rekna som ei av dei mest eksklusive, og ei av elvene med størst fisk.

Her har hotellkongar, oligarkar motedronningar og vår eigen Kong Harald fiska. Sistnemnde seinast i 2012.

(Artikkelen held fram under biletet)

Årøyelva

LITA, MEN STOR: Årøyelva er med sine 1500 meter ein lilleputt av eit vassdrag, men har eit stort namn innan sportsfiske.

Foto: Silje Bråstad / NRK

Frå 94.000 kroner

Etter 100 år med fast utleige, har familien Munthe Olsen no opna opp for andre, betalingsdyktige fiskarar. Eit opphald her kostar frå 94.000 kroner – for ei fiskestong. Ei vekes opphald kan koste opp mot 300.000 kroner. Også når fisken glepp.

Den engelske vennegjengen NRK.no møter, har heile elva for seg sjølv. I tillegg får dei eigne guidar og eit privat hus rett ved elva, der Munthe Olsen sjølv lagar tre retters middag til gjestene.

– Her slappar dei av når dei ikkje er i elva, og enkelte slappar ikkje av i det heile tatt, dei er berre i elva, ler verten.

Pengar i lokalsamfunnet

Skilnaden er stor frå dei store turiststadene på Vestlandet, der tusenvis av cruiseturister kjem og reiser kvar dag. Ifølgje ein turiststudie frå Universitet i Bergen, legg desse att lite pengar lokalt utover billettar til attraksjonar, suvenirar og transport.

Ifølgje studien legg ein cruiseturist i snitt att 300 kroner dagen i Norge.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Cruisebåtar i Flåm

KONTRASTEN: Mens cruiseturistane, som her i Flåm, ifølgje ein studie legg att 300 kroner dagen per person, legg fiskarane i Årøyelva att sekssifra beløp for nokre dagars opphald.

Foto: Anders Fretheim

– Eg veit ikkje kor mykje cruiseturistane legg att i pengar. Eg høyrer at det ikkje er all verda. Men her har vi fiskarar som betaler ein god pris for å fiske, og pengane blir ført tilbake i lokalsamfunnet i varer og tenester vi kjøper. Det genererer mykje pengar på mange, poengterer Munthe Olsen.

Og sjølv om det er ein stiv pris, så vil britane NRK.no møter i Sogn komme tilbake.

– Det er verdt kvar einaste krone. Denne staden har alt. For meg er det verdt pengane. Vi kjem hit kvart år i juni eller juli. Så vi kjem tilbake, lovar Mark Harris.