Hopp til innhold

Her «giftar» dei to 13-åringane seg

Midt i skulegarden på Tangen skule gav dei to 13-åringane kvarandre sitt ja.

Bryllaup

NERVØS: 13 år gamle Inger Tugade Tryti og Knut Werge-Olsen var gift for ein dag. – Eg var veldig nervøs, og hadde masse sommarfuglar i magen, men det har gått veldig bra, seier Tryti.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

– Vi har lært mykje om samarbeid, og kor viktig det er når ein steller i stand noko så stort som eit bryllaup, seier «nygifte» Inger Tugade Tryti.

Den snart 13 år gamle jenta har saman med resten av 7.-klassingane ved Tangen skule i Årdal brukt dei siste månadene på å planlegge eit bryllaup.

Sjølv om det berre var på liksom denne gongen, var alt frå seremoni, transport, bryllaupsfest og underhaldning planlagt ned til den minste detalj. Alt for å lære å samarbeide betre.

Nesten avlyst

Tysdag kveld var den store dagen endeleg komen for dei 26 elevane. Kvar og ein av dei hadde sine roller, alt frå kakebakarar, musikarar, pyntarar, prestar og fotografar – og brudeparet, ja, det var sjølvsagt også to elevar frå klassen.

– Då det plutseleg ikkje var nokon som melde seg som brur, og det såg ut til at heile prosjektet vart avlyst, då sa eg at eg kunne gjere det, fortel Inger, som trippa nervøst før ho skulle marsjere høgtideleg fram på skuleplassen, med både elevar, lærarar og foreldre som tilskodarar.

– Veldig nervøs

Framme ved "alteret" stod brudgommen, Knut Werge-Olsen, klar. I ekte brurekjole og slør på hovudet tok ho plass ved hans side.

Dei hadde begge ei viktig oppgåve i dag.

– Og det var å svare "ja", og det gjekk fint, ler Inger.

Med ringar på fingrane og eit smil om munnen fekk dei nygifte ein tur med kabriolet før fotografering og ein skikkeleg bryllaupsfest.

Med både liveband, talar, brurevals og toastmasterar med vitsar på lur, synest Inger bryllaupet har vore vellukka.

– Eg var veldig nervøs, eg hadde masse sommarfuglar i magen, men det har gått veldig bra.

Tverrfagleg prosjekt

Elevane har stått på, og brukt alle fag på skulen for å komme i mål med bryllaupet.
Klasseforstandar Ronny Rinde seier prosjektet er tverrfagleg og har fått elevane til å verkeleg samarbeide.

– Elevane har måtta gjort alt frå å skrive talar, rekne ut kor mange kaker vi trengde, snikre kakefat, lage dekorasjonar, ordne bordplassering, øve på songar og ikkje minst hatt samtale med presten. Det er mykje som skal klaffe, fortel Rinde.

Inger håpar ho kjem til å gifte seg på ekte ein gong òg.

– Men i grunnen kjendest dette også ganske ekte, sjølv om vi vert skilt i morgon då, seier ho.