Hopp til innhold

Henta heim 39 medaljar til fylket

Dei unge utøvarane frå Sogn og Fjordane gjorde svært godt under krinskonkurransen på årets PEAB-leikar på Osterøy denne helga.

Lagbiletet frå årets PEAB-leikar på Osterøy

STOR MEDALJEFANGST: Krinslaget frå Sogn og Fjordane to ein sterk 2. plass og 39 medaljar under PEAB-leikane på Osterøy.

Foto: Narve Heggheim

– I lagkonkurransen vart vi nummer to bak Hordaland, det er vi veldig godt nøgde med. Det seier Narve Heggheim, som er dagleg leiar i Sogn og Fjordane Friidrettskrins.

PEAB-leikane er eit konsept med tre like krinsarrangementet same helg der friidrettsungdom i 13-of 14-årsklassa er samla. Tilsvarande arrangement gjekk også i Trondheim og på Jessheim denne helga.

– Det at dei unge utøvarane frå Sogn og Fjordane slo laga frå meir folkerike Rogaland og eit felles lag frå Agder, må vi vere stornøgde med.

Totalt sanka friidrettsutøvarane frå fylket med seg 39 medaljar fordelt på 14 gull, 15 sølv og 10 bronse. Heggheim seier utøvarane utmerka seg i alle greiner.

Narve Heggheim under friidrettsstemne

NØGD MED INNSATSEN: Narve Heggheim, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Friidrettskrins.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Dersom eg skal trekke fram nokon, så må det kanskje bli kastarane som greidde fire gull, fire sølv og to bronse. Men eg tykkjer alle presterte bra i helga.

–Kva betyr dette for friidrettsinteressa at utøvarane gjer det så godt?

– Dette er veldig viktig for 13-14-års aldersgruppa. Vi får ei skikkeleg lagkjensle, i tillegg til at utøvarane blir kjende på tvers av idrettslag og kommunegrenser.