Hopp til innhold

Henrik (13) fekk ikkje puste - hamna fire dagar i koma

På få timar gjekk Henrik Bruland Røed frå å vere ein influensasjuk 13-åring til å liggje medvitslaus i kunstig koma.

Tilbake på intensivavdelinga

TILBAKE: Her på intensiven budde Henrik store delar av påska. F.v. Sunniva Vie Alme (sjukepleiar barneavdelinga), Marianne Lied Nore (intensivsjukepleiar), Henrik Bruland Røed, Eivind Lem Røed og Eva Bruland.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Eg var redd, forbanna, frustrert og fortvila. Heilt utanfor meg sjølv, seier pappa Eivind Røed, og ser bort på lysluggen ved sidan av seg i sofaen i eit rekkjehus i Førde.

Takksam for at livet tek til å komme tilbake til normalen. For berre fire veker sidan torde han ikkje tenkje tanken ein gong.

Medan store delar av samfunnet kappast om å spy ut appelsinbilete og påskefjelloppdateringar på Facebook, starta eit drama på liv og død for Henrik. Langfredag, dagen som i kristen tradisjon var Jesu lengste dag, full av liding og død, skal komme til å bli den lengste dagen i familien Bruland Røed sitt liv også.

Eva Bruland og Eivind Lem Røed er skilde. Denne påska skal eldstedottera og Bruland feire påska på Austlandet, medan Henrik skal feire påske med pappa i Førde.

– Men Henrik hadde vore forkjølt og småsjuk i vel halvanna veke, og var ikkje i god form, seier Eivind.

Når ein 13-åring seier at han ikkje får puste, så tek du det på alvor.

Eivind Lem Røed

Den lyslugga gutungen hostar så det gjallar i veggane. Men familien er ikkje uvane med hosting. Henrik er ofte plaga med krupphoste når han er sjuk.

– Vi kjenner han godt, så vi har ein kjensle på kor gale det er. Eg stussa litt på at det ikkje roa seg, seier Eivind.

Natt til langfredag høyrer faren at Henrik slit etter leggjetid. Ungguten finn ikkje roa, og får ikkje sove.

– Når ein 13-åring seier at han ikkje får puste, så tek du det på alvor, seier Eivind.

Vart sende heim frå legevakta

Dei set seg i bilen og køyrer den knappe kilometeren ned på legevakta. Her får Henrik berre beskjed om at han ikkje har lungebetennelse, og at han skal gå ut i kulden dersom hosten vert plagsam.

– Det opplevdest trasig å bli sendt heim, for guten var jo ikkje frisk. Men vi vart samde om å prøve å finne roa, seier Eivind.

Han byggjer opp med puter rundt Henrik i senga for å gjere pustinga lettare, og så kryp han omsider til sengs sjølv. Men det skal ikkje vare lenge.

– Han hosta og harka og var opp av senga mange gonger. Til slutt høyrde eg at han opna verandadøra og gjekk ut der, i håp om at det skulle lette pusten, seier Eivind, som då tykte nok var nok.

Henrik var lys blå på lepane, og den elles så kvikke guten var berre ein skugge av seg sjølv. Til og med den firbeinte bestevennen Chilli var prega av alvoret.

Chilli og Henrik

GODE VENER: – Det var heilt rart, men Chilli merka med ein gong at eg var skikkeleg sjuk, seier Henrik Bruland Røed.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Ho pleier alltid komme springande når eg opnar døra. Men då eg gjekk ut på verandaen den natta, kom ho tuslande, heilt forsiktig. Så sat ho med snuten borti meg, medan eg sat ute i kulden. Det var som om ho forstod at eg ikkje var bra, seier 13-åringen stilt.

Mista medvitet på vegen til sjukehuset

– Henrik heiv etter pusten. Eg ringde legevakta og sa at vi kom. Dama i andre enden spurde om ho skulle sende ambulanse, men eg sa at eg køyrde sjølv, slik at det gjekk fortare. Det angra eg bittert på, seier Eivind.

For idet Henrik reiser seg for å ta på sko, held han på å svime av. Den minste fysiske påkjenning er éin for mykje.

Eivind får buksert gutungen ut i bilen, og forserer tre-fire fartshumpar så kjapt han torer grytidleg langfredag morgon. I passasjersetet mistar sonen medvitet på den knapt eitt minutt lange køyreturen. I førarsetet riv og slit kjenslene i ein far som håpar det beste, men fryktar det verste.

Eg var redd, forbanna, frustrert og fortvila. Heilt utanfor meg sjølv.

Eivind Lem Røed

Henrik husar at han og pappa var på veg til sjukehuset i bil for andre gong. Men etter at dei passerer brua på Vie er det eit stort hol i minnet hans. Holet er fire dagar stort. Eit hol fullstendig utan innhald, utan minne og utan bilete.

Eit slikt hol som du får i minnet når du ligg i koma.

I mottaket på sjukehuset får Henrik medisin i ei pustemaske, i håp om at det skal gjere til at han pustar lettare. På dette tidspunktet er Henrik medvitslaus. Midt i kaoset med legar og sjukepleiarar som gjer det dei kan, står ein far i eit kaos av kjensler.

– Plutseleg forstår eg at sjukepleiaren frå barneavdelinga er der for å ta seg av meg, seier Eivind.

Ti-tolv personar gjer sitt yttarste for å redde livet til den svært sjuke tenåringen.

– Vi forstod at det var alvorleg, men alt der fekk eg ei god kjensle. Denne sjukepleiaren heldt meg på oksla og ryggen og forklarte meg kva som skjedde. Roleg og konsentrert, seier Eivind.

Ser i dagboka frå intensivavdelinga

HUGSAR LITE: Sjukepleiarane på intensivavdelinga har laga ei lita dagbok til Henrik frå dagane han låg på avdelinga. F.v. Eva Bruland, Henrik Bruland Røed og Eivind Røed.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Hadde ein sjukepleiar for seg sjølv

Han er svært takksam for at nokon midt i kaoset, hadde som oppgåve å sjå etter han. Den pårørande. Den som ikkje var sjuk. Men som hadde vondt likevel. For det er ikkje ein diagnose å kjenne at du held på å knekkje i hop fordi barnet ditt kjempar for livet. Men det burde det kanskje ha vore.

På dette tidspunktet vel anestesilegen å leggje inn ein tube for at Henrik skal sleppe å puste sjølv. For at kroppen skal få fred og medisinane skal få verke. Slik at hevelsen går ned i luftvegane. Henrik vert lagt i eit kunstig koma.

– Då valde eg å gå ut, seier Eivind.

Men han var ikkje åleine. Sjukepleiaren var med. Forklarte og var der. Og tok grep.

– Ho organiserte slik at vi fekk ringt Eva. Ho sat på jo Austlandet og visste ingenting. Eg var ikkje i stand til å ringje sjølv, seier Eivind.

Det var utruleg tøft å få ein slik telefon og så sat eg mange, mange mil unna. Eg var lamslått. Det kjendest heilt uverkeleg.

Eva Bruland

I mellomtida balar legen med tuben som skal ned i halsen til Henrik. Dei prøver først med ein tube som burde få plass, men må til slutt ende på ein tube som ein normalt sett brukar på 4-5-åringar. Meir er det ikkje plass til i halsen til Henrik. Til det er opphovninga for stor.

På Feiring får Eva telefon klokka 07.15 langfredag. «Sonen din er innlagd på sjukehus og ligg kopla til respirator».

– Det var utruleg tøft å få ein slik telefon og så sat eg mange, mange mil unna. Eg var lamslått. Det kjendest heilt uverkeleg, seier Eva.

Attpåtil var ho sjølv meir eller mindre sengeliggjande med ein sterk halsbetennelse, og visste ikkje si arme råd kva ho skulle gjere.

– Eg fekk beskjed av dei på sjukehuset om at eg ikkje skulle setje meg i bilen, slik situasjonen var, seier Eva.

Ho er sjølv sjukepleiar, og forstod meir enn mange, kva beskjeden frå sjukehuset innebar.

– Tankane gjekk til Eivind som stod midt oppe i dette åleine, seier Eva.

Hadde også ein plan for pappa

På sjukehuset i Førde gjekk dagane i eitt for Eivind. Han var heimom og sleppte ut hunden Chilli for naudsynt lufting, før han returnerte til intensivavdelinga der Henrik låg kopla opp til ei mengd maskiner, som i ein romstasjon.

– Personalet der var heilt fantastiske. Dei var så på. Alle var heilt klare på sine oppgåver. Ting fungerte, og det var ingen som lurte på kva dei skulle gjere. Sjølv om alt skjedde veldig raskt, så vart alt roleg og kontrollert, minnest Eivind.

I tillegg passar dei på at Eivind også får seg ein blund på auga, at han et og drikk og får seg nokre avbrekk.

– Eg er så imponert over at dei i tillegg til å ta seg av Henrik på beste vis, også hadde ein plan for meg. Dei såg også mine behov, sjølv om eg strengt tatt ikkje var pasienten deira, seier Eivind.

Først påskeaftan klarar Eva og storesystera til Henrik å komme seg på eit fly som tek dei heim til Førde.

Då hadde Henrik lege i koma i over eitt døgn.

– Det var tøft å sjå han liggje der livlaus kopla til respirator og mange andre ting, seier Eva stilt.

Sjølv om dei har snakka om det som skjedde mange gonger, er det framleis sårt, og rippar opp i mange kjensler. Mest av alt kjensla av kor skjørt og uføreseieleg dette vi kallar livet er. Kor fort ein går frå å vere frisk og oppegåande til å liggje livlaus i ei sjukehusseng.

Etter fire dagar i kunstig koma vart Henrik vekt 2. påskedag. Litt fortumla etter fire døgn i djup, djup søvn.

– Det er litt rart å ikkje hugse. Men det er ikkje noko der. Eg har ikkje noko minne om det som skjedde, seier lysluggen, medan Chilli gjer sitt beste for å understreke kor utruleg velkommen bestekameraten er heim att.

Endeleg tilbake på sykkelsetet

GODT: – Det var utruleg godt å komme heim etter ei veke på sjukehus. Eg går ikkje rundt og er redd for at det skal skje igjen. Legane har sagt at det er liten sjanse for det, seier Henrik Bruland Røed.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Like etter at han vakna, hadde han eitt spørsmål han ville ha svar på.

– Eg spurte pappa om eg kunne ha døydd.

– Og det måtte eg svare ærleg på. Ja, det kunne du, seier Eivind, og vert litt skjelven i stemma.

Klarte ikkje kvitte seg med CO2

Overlege på barneavdelinga, Hege Kristiansen, stadfestar at tilstanden ei stund var alvorleg.

– Henrik klarte rett og slett ikkje å puste godt nok ut, slik at kroppen fekk kvitta seg med CO2. Då Henrik mista medvitet, var han rett og slett utsliten, seier Kristiansen.

I ettertid har dei konkludert med at Henrik truleg hadde influensa i veka før hendinga. Så har han truleg pådrege seg ein infeksjon til, noko som fekk både strupehovudet og stemmebanda til å hovne opp.

Hege Kristiansen

VIKTIG: – Vi har to barneteam, eitt for nyfødde og eitt for litt større born. I kvart team er det ein person som har ansvar for pårørande. Det trur vi er viktig, seier overlege ved barneavdelingen på Førde sentralsjukehus, Hege Kristiansen.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Truleg var han også hovna opp lenger nedover, og dermed vart det for lite plass til å puste, seier Kristiansen.

Ho karakteriserer hendinga som sjeldan.

– Det er uvanleg, men vi ser at det hender nokre sjeldne gonger. Men det er uvanleg at det skjer så fort, seier Kristiansen.

Fekk den beste bursdagspresangen

Siste vekene har vore fulle av kontrastar. Den alternative påskeferien vart for alvor avslutta ei veke etter Skjærtorsdag. Då vart Henrik skriven ut. På pappas bursdag. Ei veke på sjukehuset var over.

– Det er beste bursdagspresangen eg nokon gong kjem til å få, smiler Eivind.

Frå bokhylla smiler eit bilete av ein unggut full av fart og liv. I sofaen sit same guten. Litt redusert, men glimtet i auga er der framleis.

– Eg er frykteleg sliten og orkar ikkje så mykje, og så vert eg fort svimmel. Men legane seier det skal bli betre, berre eg tek tida til hjelp, seier 13-åringen.

Det er litt rart å ikkje hugse. Men det er ikkje noko der. Eg har ikkje noko minne om det som skjedde.

Henrik Bruland Røed

Han er tilbake på skulen att. I byrjinga heldt det med halv dag. Då var kreftene slutt.

– Det er veldig kjekt å vere tilbake på skulen og treffe venene att. Mange lurte jo også på kva som hadde skjedd i påska. Det er på ein måte greitt å snakke om det, seier Henrik, og ser ut mot fjella.

For er det ein ting han har sakna, så er det å sykle. Han og ein kompis køyrer downhill. På stødige terrengsyklar forserer dei bratte stiar og skogsvegar. Henrik kan ikkje vente til han er tilbake på sykkelsetet.

– Eg gler meg ekstra til å sykle igjen, seier ungguten.

Trivst best på sykkel

GLER SEG: – Når kreftene er tilbake for fullt, gler eg meg til skikkelege sykkelturar downhill, seier Henrik.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

For foreldra har hendinga sett spor. Men midt i alle refleksjonane sit dei att med mykje takksemd. For eit system som fungerte når det trengdest. Og til einskildpersonar som gjorde børa lettare å bere.

– Dei tilsette på både intensivavdelinga og barneavdelinga gjorde meg trygg i ein utrygg situasjon, og gjorde meg flink som pårørande. Midt i alt det vonde, var det ei god kjensle å ha, seier Eivind.