Ambulansearbeidar sovna på jobb

Den kvinnelege ambulansearbeidaren skal ha vore uopplagd, fjern, ustø og ute av stand til å følgje med i samtalen.

Slik karakteriserer Statens helsetilsyn tilstanden ein ambulansearbeidar var i då ho møtte på jobb i fjor haust. Seinare på vakta skal ho rett og slett ha sovna midt under ein samtale, skriv bt.no.

Kvinna, som er utdanna hjelpepleiar, måtte slutte i Helse Førde. No har ho fått ei formell åtvaring for brot på helsepersonellova.

Det var etter ei vakt i februar 2011 at Helse Førde fekk nok av den tilsette. Mellom anna skal kvinna, ifølgje fleire kollegaer, ha sovna på vakt.

Rota med medisinering

Ho skal heller ikkje ha møtt fram i tide ved hasteoppdrag. På oppdrag med ei fødande kvinne i ambulansen skal kvinna ha forveksla storleikane milligram og milliliter, og var ikkje sikker på kor mykje ho skulle gje pasienten av medikament.

Men det var ikkje første gongen ambulansearbeidaren hadde oppført seg klanderverdig på jobb.

I ei tidlegare tilsynssak konkluderte Statens helsetilsyn med at kvinna hadde oppført seg så aktlaust at det også då var grunnlag for å gje henne ei åtvaring.

Den gongen meinte Helsetilsynet mellom anna at kvinna gav urette opplysningar til dei, og at ho heller ikkje hadde ført rette opplysningar inn i ein pasientjournal.

Har handla uforsvarleg

Denne saka drog så langt ut i tid at kvinna slapp den formelle reaksjonen.

På bakgrunn av mellom anna den siste saka, sa Helse Førde opp kvinna 10. februar, men kvinna tok då ut stemning mot arbeidsgjevaren og kravde stillinga tilbake.

24. juni i fjor kom partane til semje om at oppseiinga var ugyldig, på vilkår av at kvinna sjølv sa opp.

No har Helsetilsynet gjeve kvinna ei formell åtvaring på grunnlag av dei same forholda. Dei slår fast at kvinna ikkje var skikka til å møte på jobb den aktuelle vakta, at ho ikkje har gjeve ei truverdig forklaring på forholda, og at ho har handla i strid med det medisinsk forsvarlege.

Skredet issolerte dei frå omverda.
Fylkesveg 242 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er stengd etter at det gjekk eit stort steinras og fleire mindre jordskred nedover elva Volda i dag tidleg.
Kameratane Tore Høgalmen (18, Ole Martin Flatjord (18) og Eirik Hellerud (19) har gjort sitt for å markere nasjonaldagen. For andre året på rad har dei pynta fjellet over Gloppefjorden i Sogn og Fjordane i dei norske fargane.