Hopp til innhold

Vil kutte 50 millionar og 30–40 årsverk i Helse Førde

30–40 årsverk ryk med når Helse Førde skal kutte 50 millionar neste år. Det kjem fram i budsjettforslaget som blei lagt fram fredag.

Akuttmottak Førde sentralsjukehus

VIL BYGGE UT: Administrasjonen i Helse Førde vil gjennomføre ei stor utbygging av sentralsjukehuset i Førde.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Det er eit omfattande budsjettforslag som styret i Helse Førde no må ta stilling til. I forslaget legg administrasjonen opp til å vidareføre drifta som i dag, samstundes som dei sikrar seg finansielle musklar til å modernisere sjukehuset i Førde, skriv dei i ei pressemelding.

Budsjettet legg opp til at utbyggingsplanane ved Førde sentralsjukehus blir følgde, noko som inneber byggestart for nytt psykiatribygg i Førde i 2019.

Naturleg avgang

Men satsinga får konsekvensar. I forslaget ligg ei viss reduksjon i bemanninga, truleg på 30–40 årsverk. Planen er å gjere dette ved naturleg avgang.

– Dette tenker vi at vi skal klare ved naturleg avgang, og den naturlege rotasjonen som er i ein stor organisasjon som Helse Førde, seier Børge Tvedt, som er konstituert som administrerande direktør i helseføretaket.

I ein organisasjon med nærare tre tusen medarbeidarar er det mange som sluttar for å jobbe andre stader, og mange som kvart år går av for aldersgrensa. Dersom det eventuelt blir nokon overtalige, vil helseføretaket strekke langt for å innplasserte dei andre stader i organisasjonen.

Men dei tilsette kjenner seg ikkje trygge på at ein skal klare dei store innsparingane berre med frivillige avgangar.

– Etter vår meining blir det lagt opp til for store kutt på eitt år, seier tillitsvald Hans Jacob Westbye i Legeforeningen.

Han fryktar at ein ikkje vil klare dei store kutta, og at ein difor går med endå eit år med store underskot.

Hans Jacob Westbye og Oda Sandli

LIKAR IKKJE DEI STORE KUTTA: Hans Jacob Westbye er skeptisk til dei store kutta i Helse Førde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I budsjettet legg Helse Førde opp til å spare inn om lag 50 millionar kroner på den reduserte bemanninga kombinert med ny, betre tilpassa organisering. Samtidig strekar Børge Tvedt under at innsparinga ikkje betyr at Helse Førde kjem til å redusere aktiviteten i 2018.

– I utgangspunktet legg vi opp til å ha same aktiviteten som vi har hatt i år. Utgangspunktet er at vi skal drive meir effektivt, men ha det same helsetilbodet for innbyggarane i Sogn og Fjordane, seier Tvedt.

Ber Helse Vest om lån

Han meiner at det dei no gjer er å sikre spesialisthelsetilbodet i Sogn og Fjordane for neste generasjon.

– Her har vi lagt fram eit budsjett som vil setje oss i stand til å følgje utbyggingsplanane våre, få størstedelen lånefinansiert over statsbudsjettet og starte bygginga i 2019 som planlagt.

For å sikre handlingsrom til investeringar neste år, vil Helse Førde be eigaren Helse Vest om eit ekstraordinært lån på inntil 35 millionar kroner i 2018.

– Dette har vi vore i dialog med Helse Vest om, og har god tru på at vi skal få det til, seier Tvedt.