Hopp til innhold

Helle utfordrar ordførarkollegaer

Ap-ordførar Arve Helle i Fjaler utfordrar skeptiske Høgre-ordførarar til å gå i front for ein diskusjon om kommunesamanslåing.

Arve Helle

TA RATTET: Ap-ordførar Arve Helle i Fjaler meiner det er svært viktig at kommune i fylket sjølve har handa på rattet i prosessen mot eventuelle kommunesamanslåingar.

Foto: Johan Moen / NRK

– Vi må få ei hand på rattet og sitte i førarsetet i denne prosessen. Det trur eg alle kommunane har noko å tene på, seier Helle til NRK.no.

I dagens Firda seier Helle at han ikkje trur Kommune-Noreg slepp unna samanslåing i tida som kjem. Nettopp kommunesamanslåing har vore eit heitt tema under valkampen, og med ei borgarleg regjering med Høgre i front trur Helle at det raskt vil skje noko på den fronten.

Høgre har gått til val på at dei vil starte gjennomføringa av ei kommunereform som gir større og meir robuste kommunar med sterke fagmiljø.

– Eg registrerer at med det fleirtalet vi har fått på stortinget no, så har dei klare formuleringar i sine respektive program som går på endringar i kommunestrukturen. Eg reknar nesten med at dei vil følgje opp det dei har sagt, og då synest eg vi må kome oss i førarsetet, seier Helle til NRK.no.

Difor vil dei bli større

Det er i dag over 400 kommunar i Norge. Berre i Sogn og Fjordane er det 26, med Solund som den minste med vel 850 innbyggjarar.

Den siste store kommunereforma var i 1964, då fleire kommunar vart slegne saman, mange med tvang. Sidan har det vore fleire frivillige samanslåingar, og no kan det bli fleire.

I Sunnfjord og Ytre Sogn har ti kommunar allereie sagt at dei vil finne ut om det er liv laga for ein eller fleire storkommunar i regionen. Då dei var samla i juni bestemte dei seg for å leggje diskusjonen på vent til etter valet.

Helle er blant dei som har meint at større kommunar kan bety betre økonomi og betre tenester for innbyggjarane.

– Vi veit at det er ting vi kvar for oss er for små til å handtere. Det kan bli betre med ei samanslåing eller ved interkommunalt samarbeid, har han tidlegare sagt til NRK.no.

Høyre mener færre og større kommuner vil gjøre det mulig å flytte flere oppgaver fra staten og fylkeskommunene til kommunene. Det vil styrke det lokale selvstyret og nærheten til innbyggerne.

Kjelde: Høyre.no

Utfordrar Høgre-ordførarane

Kva kommune som skal slå seg saman med kva, vil ikkje Helle meine noko bestemt om enno.

– Det vil alltid vere nabokommunane, så kan ein alltids diskutere kor mange eg. Eg har ikkje noko oppskrift på dette, men vi har ein diskusjon og eit arbeid på gang.

Dette arbeidet vart altså lagt på vent til etter valet, men når det no blir regjeringsskifte og dei borgarlege blir sitjande med makta er det viktig å ta det opp att raskt meiner Ap-ordføraren.

– Vi har sagt vi skulle ta tak i dette etter valet når ei ny regjeringserklæring er klar, og eg føler vi bør gjere det. Eg føler det hastar om vi skal kunne ha handa på rattet sjølve, og ikkje risikere at noko blir tredd ned over hovudet vårt, seier Helle.

– Kven skal ta initiativet frå kommunane si side?

– Det kan like gjerne kvile på meg som nokon andre. Men det frir meg ikkje for at eg føler at Høgre-ordførarane har eit ekstra ansvar for det.

– Det er deira folk som skal styre landet, og som har vore veldig klare på endra kommunestruktur. Eg ventar at den politikken skal setjast ut i live også her i Sogn og Fjordane, seier Fjaler-ordføraren til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Noralv Distad

STERK NOK: Høgre-ordførar Noralv Distad i Aurland meiner hans kommune har eit sterkt nok ressursgrunnlag til å løyse både dagens oppgåver, og fleire oppgåver på ein god måte.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi kan løyse fleire oppgåver i eigen regi

Høgre har altså gått til val på at dei ønskjer seg større og færre kommunar. Då NRK like før valet snakka med dei åtte Høgre-ordførarane i Sogn og Fjordane var berre to av dei klokkeklare på at dei ønskjer nettopp færre og større kommunar.

Noralv Distad i Aurland var ikkje ein av dei åtte. Han held framleis fast ved at hans kommune er sterk nok allereie.

– For Aurland sin del er mi klare haldning at Aurland er ei kommune har tilstrekkeleg ressursgrunnlag til at vi kan løyse fleire oppgåver i eigen regi, men i andre kommunar kan ein vurdere dette annleis, seier Distad til NRK.no.

– Må starte ut frå lokale behov

Han meiner det må vere opp til kvar enkelt ordførar om det er tenleg med ein diskusjon om kommunesamanslåing eller ikkje.

– Mi haldning til dette er at eg er veldig for at det blir gjort ei forvaltningsreform. i dag er det offentlege på kommunalt og regionalt plan overadministrert, og det må skje forenklingar.

– I den samanheng er eg for at vi skal få sterkare kommunar og at dei skal få fleire oppgåver. Det er i den enden vi må starte. Når det er på plass er det naturleg å ta opp ein diskusjon om dette skal gjerast slik kommunane er no, eller om det skal vurderast kommunesamanslåing, seier Distad til NRK.no.

– Så sjølv om ditt eige parti har programfesta større kommunar, så vil ikkje du utan vidare gå ut og leite etter samarbeidspartnarar?

– Nei, eg ser ikkje det som ein naturleg start på den vidare prosessen. Men i andre kommunar kan ein vurdere det annleis. Det viktige er at prosessane blir starta ut frå lokale behov og kva ein lokalt meiner er mest føremålstenleg.