Hopp til innhold

Helikopter mista last i Eid

Eit helikopter frå Nord Helikopter mista i går ettermiddag eit straumaggregat under flyging i Eid.

Nord Helikopter

MISTE LAST: Eit helikopter miste i går last under flyging.

Foto: Pressefoto

Helikopteret skulle flytte ei kvilebrakke, men under transporten opna døra i brakka seg.

– Noko inventar fall ut. Mellom anna eit straumaggregat, har eg fått opplyst, seier Jørund Kile, som er dagleg leiar Nord Helikopter.

Nord Helikopter flyg for Statnett i samband med bygging av kraftline. Det var i samband med dette at kvilebrakka skulle flyttast.

Kraftig brak

Eit augevitne som ynskjer å vere anonym, fortel at han ved 17-tida vart merksam på helikopteret som såg ut til ha problem.

– Då det svinga austover såg eg det fall ut last. Det var noko stort. Like etter høyrde eg ein kraftig smell fortel, augevitnet.

Rapportert til Luftfartstilsynet

Hendinga er rapportert internt i selskap og til luftfartstilsynet.

Jørund Kile

SKJERPAR RUTINANE: Jørund Kile er dagleg leiar i Nord Helikopter.

Foto: Privat

– Ei kvilebrakke blir jo utsett for krefter under flyging som den vanlegvis ikkje blir utsett for. Fartsvinden har klart å opne døra slik at last fall ut, før døra lukka seg igjen.

Korleis kunne dette skje, at ein mister last under transport?

– Vanleg prosedyre er at dører skal vere låst og sikra under transport. Eg har ikkje fått konstatert at døra faktisk var låst i dette tilfelle, seier Kile.

Kunne vore alvorleg

– Det heilt openbert at dette kunne vore farleg, difor er det fast rutine at på slike oppdrag skal ein ikkje fly over folkesamlingar eller busetnad.

Kile seier at hendinga fredag kveld ikkje får konsekvensar for den andre flyinga i området.

– Når det gjeld flytting av kvilebrakker og liknande så skjerpar vi inn med umiddelbar verknad at det skal sjekkast at dei er forsvarleg låste og sikra før transport.