Hopp til innhold

Held trykket oppe i etterforskinga

Politiet jobbar framleis ut frå at bilbrannane i Førde i starten av april var påsette. Sjølv om saka har høg prioritet slit politiet med å finne ut kven som stod bak.

Bilbrann i Skaratunet (Vieåsen i Førde)

TO NETTER PÅ RAD: Brannvesenet måtte to netter på rad rykke ut til bilar i brann i Førde. Biletet er frå brannen i Skaratunet i Vieåsen natt til søndag 6. april.

Foto: NRK

To netter på rad rykte brannkorps og politi i Førde ut bilar i brann den første helga i april. Ei rekke bilar vart totalskadde, og politiet var raskt ute med å seie at dei meinte brannane var påsette.

Seks veker etterpå har sakene framleis høg prioritet hos politiet i Førde. Lensmann Jan Egil Tvinde i Førde og Naustdal vedgår samtidig at dette er vanskelege saker.

– Dette er i utgangspunktet vanskelege saker å kome til botns i, iallfall på kort tid. Dette fordi vi er avhengige av hjelp frå mellom anna Kripos, då dei må analysere spor vi har sendt inn, seier Tvinde til NRK.no.

Trur ein eller fleire tente på

Natt til laurdag 5. april vart tre bilar totalskadde då det byrja brenne i ein bil ved Hornnes, medan det natt til søndag gjekk med fleire bilar då det byrja brenne i Vieåsen.

Brannsjef i Førde, Bernhard Øberg, sa etter den siste brannen at han ikkje hadde opplevd liknande brannar. Han meinte bilane vart mistenkjeleg fort overtente.

Ut frå funn og opplysningar i saka fall også politiet tidleg ned på at det var ein eller fleire personar som hadde tent på bilane. Halvanna månad etter hendingane har politiet same oppfatning.

– Vi held fast ved mistanken om at brannane er påsette, det er heilt klart. Ut frå det er det difor viktig for oss å kome eit steg lenger med å finne ut kven som har gjort det, seier lensmann Jan Egil Tvinde.

Har håp om å finne gjerningsmennene

Både dei som vart direkte råka av bilbrannane, men også i andre nabolag i Førde, fekk folk seg ein støkk etter dei to brannane.

Tvinde seier dei ikkje legg vekk saka med det første, og at det er viktig for dei å finne svar på kven som står bak.

– Eg har godt håp om å finne ut kven som har gjort det. Kva som har skjedd har vi ei rimeleg grei oversikt over, men vi kan ikkje gå ut med detaljar om det enno, seier han.

– No har det gått seks veker, og det har ikkje vore nye episodar. Kva seier det politiet?

– Det er sjølvsagt bra, men det er vanskeleg å spekulere i kva som er grunnen til det, seier lensmannen.