Hopp til innhold

Held tilbake tre millionar grunna banetrøbbel

Fotballen i Førde går nok ein usikker vinter i møte på grunn av undervarme som ikkje fungerer. I fjor vurderte dei rettssak, og no held dei tilbake tre millonar frå leverandøren.

Hafstad idrettspark i Førde

PROBLEM: I fleire år har Førde venta på undervarme på kunstgrasbanane ved Hafstad idrettspark.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sjølv tre år etter bygginga av kunstgrasbana i Hafstadparken, veit ikkje sportsleg administrativ leiar i Førde fotball, Per Øyvind Storevik, om undervarmen vil fungere når kuldegradene set inn.

– Som tidlegare år er vi spente. Vi har ikkje fått bevis på at undervarmen fungerer slik den skal, seier Storevik.

Undervarme er eit system som skal halde banane mjuke, og is- og snøfrie, gjennom kalde vintermånadar.

Egil Mundal

SOGNDAL: Egil Mundal.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sogndal sleit med same problem som Førde over lang tid. Men i sommar bytte dei ut heile anlegget. No ser alt lysare ut.

– No har vi fått testa det på snø og me er godt nøgde. Systemet reagerer kjapt og bana er mjuk og fin, seier dagleg leiar Egil Mundal.

Førde held tilbake pengar

Fotball har etter kvart vorte ein heilårsidrett. Sportssjefen i Førde legg ikkje skjul på at det til tider har vore frustrerande med eit dekke som det ikkje går an å spele på i minusgrader.

Per Øyvind Storevik

FØRDE: Per Øyvind Storevik.

Foto: Odbjørn Myklebust Opsal / NRK

– Vi har spøkt litt med at det er berre vår herre som kan hjelpe oss. Men vi har enno tru på at dei skal få det til, dei har no jobba med det i sommar og heile haust. Det er i alle fall litt meir lovande enn det har vore tidlegare, seier Storevik.

Det er Førde kommune som eig og driftar anlegget dei spelar på. Kommunalsjef Trond Ueland seier eit søksmål mot leverandøren ikkje er eit tema no. Først vil dei sjå om anlegget fungerer denne sesongen.

– Men vi har halde tilbake ein rimeleg stor sum, nærare tre millionar kroner, som vi har å spele på i fall dette ikkje fungerer, seier Ueland.

Forlik i Sogn

I Sogndal vart konflikten med leverandøren løyst med eit forlik i sommar. Dagleg leiar Egil Mundal vil ikkje seie kor stor kompensasjon klubben til slutt enda opp med.

– Det blir vanskeleg å gå inn på, då det er ei sak mellom to partar. Men me er godt nøgde med korleis den saka enda, seier han.

Uansett er han sikker på at fungerande undervarme kan verte avgjerande i jobben med å lukkast i comebacket i eliteserien.

– Vi har kome på eit nivå der dei store elementa er på plass og detaljane blir viktigare og viktigare. Undervarme gjev Eirik og kompani forutsigbarheit når dei skal planleggje ein ny sesong. No har me tett opp mot optimale forhold, seier Mundal.