Hopp til innhold

Held korta tett til brystet

GARDERMOEN (NRK): Fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) vil førebels ikkje seie noko om kva ho landar på når det gjeld framtida til Fiskeridirektoratet i Måløy.

Elisabeth Aspaker (H)

AVGJER FRAMTIDA FOR FISKERIDIREKTORATET I MÅLØY: Fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H).

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

– Vi er ikkje komne så langt i prosessen at eg kan seie noko når vi kan ha ei avgjerd, seier Aspaker til NRK.

Kontoret i Måløy har i dag 26 tilsette. I februar kom forslaget frå fiskeridirektøren om å flytte regionkontoret frå Måløy til Bergen. Denne veka uttrykte dei tilsette frustrasjon over at dei framleis må gå i uvisse om kva som skal skje med arbeidsplassen deira.

Eige resolusjonsframlegg

Mange har protestert på at regionkontoret i Måløy kan bli flytta, både i næringa og frå politisk hald. Arbeidarpartiet har allereie varsla at dei vil ta saka opp i Stortinget.

Arve Mjømen

KJEMPAR FOR REGIONKONTOR: Fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen, jobbar for statlege arbeidsplassar i heimfylket på landsmøtet på Gardermoen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Når høgredelegatane frå fylket i helga er på landsmøtet i Høgre på Gardermoen i helgar, så har dei med seg eit eige resolusjonsframlegg i kofferten.

– Ja, vi prøver å få samla oss om den biten. Fiskeridirektoratet i Måløy er ei kampsak for oss og som vi vil gjere vårt beste for å behalde, seier Arve Mjømen som er fylkesleiar i Høgre.

Forstår engasjementet

Fiskeriministeren har merka seg engasjementet frå Sogn og Fjordane, men er likevel ordknapp.

– Eg skjønar at dei er engasjerte og er opptekne av at direktoratet skal kunne gjere ein best mogleg jobb for næringa. Det er også noko eg legg vekt på når eg skal kome med mitt forslag.

For no ligg saka på bordet til Aspaker, som enn så lenge ikkje vil seie noko om når ho vil konkludere. For Mjømen er det viktig å nytte tida godt i forkant av at statsråden tar si avgjerd.

– Kor realistisk er det å få med seg landsmøtet på ei formulering om å halde på kontoret i Måløy?

– Det er umogleg å seie, men no er ikkje dette eit forslag frå regjeringa, men frå fiskeridirektøren. Difor er det viktig for å ta tak i dette før regjeringa tar si avgjerd, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.