Hopp til innhold

Det offentlege vil ikkje støtte, men eldsjeler vil likevel heidre omstridd krigshelt med statute

Staten og fylkeskommunen seier nei. I Nordfjord gir dei likevel ikkje opp kampen for ei statue av den omstridde krigshelten Oliver Langeland.

Oliver Langeland.

KRIGSHELT: Nordfjordingane vil reise ei statue for å heidre Oliver Langeland.

Både fylkeskommunen og Forsvarsdepartementet har avslått søknaden om midlar til statuen som skal heidre den tidlegare Milorg-sjefen i Oslo .

Statuen, som er tenkt på eksersisplassen i Eid, er kalkulert til ein million kroner. I mangel på offentleg støtte, håpar initiativtakarane på næringsliv og privatpersonar.

– Vi set ikkje kroken på døra endå. Vi må framleis prøve å gjere eit framstøyt, seier initiativtakar John Olav Vereide.

Meldt og frikjent

Oliver Langeland gjorde ein stor krigsinnsats, men vart nærast stempla som ein forrædar då han kritiserte rettsoppgjeret og Nygaardsvold-regjeringa. Han tok også eit oppgjer med korleis toppar innan kyrkja, politiet og embetsverket oppførte seg gjennom krigen.

Nordfjordingen vart då meldt og sett på som ein landssvikar. Langeland vart frikjent i rettssaka.

– Eg meiner framleis det er ei moralsk plikt å gje han ei oppreising for det han stod på for både land og folk, seier Vereide, leiar i gruppa som arbeider for å få reist bautaen.

Prøver likevel

– No har vi tenkt tanken at både næringsliv og privatpersonar skal få moglegheit til å vere med å støtte dette, legg Vereide til.

Tor Langeland

BARNEBARN: Tor Langeland hugsar godt bestefar sin frå.

Foto: Bård Siem

Det gler barnebarnet til Langeland, 65 år gamle Tor Langeland frå Oslo. Legen er som Vereide skuffa over manglande støtte til det planlagde minnesmerket.

Samstundes er han veldig glad for at det framleis blir jobba for å få reist ei statue etter bestefaren.

– Eg tykkjer han fortener det. Han var ein mann som verkeleg stod i motvind, seier han.

Fekk aldri oppreisning

– Saka mot han heldt ikkje dagens standard i høve til rettstryggleik, og det har han aldri fått oppreisning for. Det hadde vore veldig hyggeleg om han kunne blitt æra på denne måten, legg Langeland til.

Krigshelten gjorde ein betydeleg innsats i motstandskampen og retta i etterkant peikefingeren på kritikkverdige forhold.

– Det passa ikkje inn i forteljinga om det som var fortalt om kven som hadde skyld og ikkje skyld. Det var det han rokka ved, og som ikkje kunne tolererast, seier barnebarnet.

– Urett bør rettast opp

– Han vart frikjent, men på ein måte vart han jo likevel dømd ved at dei tok bøkene hans på eit anna grunnlag, legg Langeland til og vedgår at saka har vore vond for familien.

– Eg hugsar han godt frå då eg var barn. Han fekk seg nok ein knekk, men han hadde full støtte i familien og hos vennene, seier han.

Neste år vil det vere 75 år sidan krigen starta. Langeland meiner at tida er inne for at bestefaren hans får ei orsaking frå det offisielle Norge.

– Det hadde vore absolutt på sin plass. Det som er gjort urett burde rettast opp att, avsluttar han.