Hopp til innhold

No har dei all grunn til å halde tommelen opp

– Eg håpar, men eg tvilar sterkt på at Førde går på noko smell, seier Hanne Nilsen Morlandstø. Laurdag møtte storscoraren og Sotra veggen i Førde-forsvaret.

Førde handball

TOMMEL OPP: Camilla Dvergsdal, Jeanette Øksenverg, Andrea Boge Solås og Rebecca Øen kunne halde tommelen opp både før og etter dagens oppgjer mot Sotra.

Foto: Odd Erik Gullaksen

– Det vart ein tøff, men jamn kamp. Diverre bomma vi litt for mykje, seier storscoraren til Sotra etter å ha blitt eitt nummer for små i heimemøtet med Førde.

Med 22–18 i favør av sunnfjordingane, er det også Førde som leiar divisjonen. Eitt poeng føre Sotra. Og fire føre Fyllingen. Sistnemnde med tre kampar til gode.

Står løpet ut

Morlandstø stod før kampen med 135 scoringar. Berre Anna Mathiassen (Gneist) har fleire mål i 2. divisjonsavdelinga. Til pause leia Sotra 10–9. Siste tre-fire minutta av andre omgang rykte Førde ifrå.

Morlandstø trur Førde står løpet ut.

– Det er ikkje så mange kampar att, men Førde er det tøffaste laget å møte. Dei er fysisk gode, og har ein veldig god blokkar i midtforsvaret, seier ho.

Må vinne resten

Kristinn Gudmundsson

KOMISK: Mot Sotra måtte Kristinn Gudmundsson og Førde-spelarane vente 11 minuttar på første målet. – Det var komisk, men vi var ikkje heilt på, seier han.

Foto: Anna Gytri / NRK

Førde-trenar Kristinn Gudmundsson takkar for dei gode orda frå dagens motstandar. Men skal disiplane hans klare opprykket, må Fyllingen tape poeng.

Og sjølve må dei vinne alle av dei fire kampane som står att.

– Vi kan ikkje gjere anna enn å ha fokus på våre oppgåver og kampar. Vinn vi i morgon borte mot Stord, så har vi to heimekampar før den siste og avgjerande mot Voss i Bergen, seier han.

Legg press på

Fyllingen, som laurdag knuste botnlaget Voss med 40-17, har berre Stord att av laga på øvre halvdel. Elles møter dei lag under, og like over streken.

Med andre ord kan det bli spenning heilt inn. Og skulle det bli likt på poeng, har Førde overtaket på innbyrdes oppgjer.

– Slår vi Stord, som på ingen måte blir noko lett kamp, så legg vi ekstra press på Fyllingen, legg Gudmundsson til.

Toppscorar Marit Ova Bøyum er samd.

– Sigeren i dag var veldig viktig, men vi må halde fram å vinne. Det er ingen som har gitt opp opprykket, forsikrar ho.

Vinn tøffe kampar

Mot Sotra gjekk det 11 minuttar før Førde fekk nettkjenning. Men godt forsvars- og keeperspel spel gjorde at vertane berre leia 2–0 i same perioden.

– Eg trur det var mykje nervar. Vi stod veldig bra i forsvar, men bomma for mykje framover. I pausen fekk vi snakka om det og løyst opp, seier ho.

– Etter pause spelte dei som dronningar. Eg er veldig nøgd med at dei i det siste er blitt flinkare på å dra i land sigeren i tøffe kampar, seier trenaren.