Held fast på nedlegging

Administrasjonen i Bioforsk held fast på framlegget om å flytte forskingsstasjonen på Njøs i Leikanger til Hardanger.

Bioforsk Njøs.
Foto: NRK

Onsdag skal styret i Bioforsk ta stilling til saka. Nina Heiberg, som er forskingsleiar ved Njøs, legg ikkje skjul på at ho er skuffa over framlegget frå administrasjonen.

- Eg er svært skuffa over at administrasjonen ikkje har teke omsyn til nye moment som har kome fram i saka, og som viser at ei flytting kan få alvorlege konsekvensar for næringa på landsplan, seier ho.

Manglar pengar

Det brenn no eit blått lys for forskingsstasjonen på Njøs, eitt av dei eldste forskingsmiljøa innan landbruk i Norge. For Bioforsk manglar pengar og landbruksdepartementet har alt godkjent at styret får gjere naudsynte omstillingar for å kome i balanse.

- Gir ikkje opp

Onsdag skal styre bestemme seg for kva dei skal gjere. Trass i kraftige protestar lokalt foreslår altså administrasjonen å legge ned stasjonen i Leikanger og flytte dei ni forskarstillingane til Hardanger, men forskarane på Njøs vil ikkje sjå kampen som tapt før slaget er over.

- Vi veit jo ikkje kva styret vil svare, og landbruksdepartementet må godkjenne dette, seier ho.

 

 

Mannskapet om bord på batteriferja Ampere er lei hets og negative kommentarar. På da verste var sjikaneringa så ille, at det gjekk utover arbeidsmiljøet.
Ein mann i 60-åra blei funnen død i ein kommunal bustad i Flora kommune sist fredag. Mannen skulle hatt regelmessig tilsyn, men har truleg lege død i minst ein månad før naboar varsla om vond lukt.
Hektiske sommarmånader er redninga for mange av dei små nærbutikkane på Vestlandet. 
I Solvorn i Luster har ein familie starta opp igjen butikken og kafeen. Utan turistane hadde det nærmast vore omogleg.