Hopp til innhold

Heirsnosi Opp for første gong

Laurdag vart Heirsnosi Duatlon og Heirsnosi Opp arrangert for første gong. Rundt 300 deltakarar var med.

Jotun IL og Årdalstangen IL var arrangørar. Og Terje Solheim frå Årdalstangen IL er godt nøgd med motbakke-premieren.

- Det gjekk veldig bra. Vi hadde bra oppslutnad og det er vi veldig godt nøgde med, seier han.

Norges beste motbakkeløparar, Anita Håkenstad Evertsen og Jon Tvedt , stakk av med sigeren i kvar sine klasser.