Hopp til innhold

Heim att for å spele musikal

Sett opp utradisjonell framsyning om å bli pressa til heim att til bygda.

Kom heimatt, gut

MUSIKKTEATER: Høstaker og Fretland, med ein lampeskjerm på hovudet, øver i ei stove i Lærdal før premieren.

Foto: Mariell Øyre

Heime på familiegarden i Lærdal har komponist Jostein Avdem Fretland og skodespelar Fredrik Høstaker dei siste vekene øvd og finpussa på musikalen «Kom heimatt, gut!», som har urpremiere på Åmot operagard i Bygstad på søndag.

Framsyninga har tjuefemåringane skrive og komponert sjølv.

Høstaker og Fretland, som no bur i Oslo og London, har komen tilbake til heimfylket for å kaste lys over ein problematikk som båe har følt på etter at dei forlét kvar sin heimplass i 2009.

Heimflyttar-press

– Då eg var seksten sa eg at eg aldri skulle jobbe eller bu heime. Men no har eg det. Eg har forsøkt å finne ut kven eg er, og kor eg kjem frå er veldig viktig, seier Høstaker.

Han trur temaet i musikalen er noko alle kan kjenne seg att i.

Kom heimatt, gut

STUEBOKS: Denne boksen er ein modell av stova der hovudkarakteren i musikalen kjem frå.

Foto: Mariell Øyre

Fretland trur at mange kjenner eit press heimanfrå om å kome tilbake til bygda etter år med studiar i ein by langt vekke.

– Vi trudde at berre ein kom seg til byen vart alt perfekt. Men vi har oppdaga at å bu i byen også har nokre ulemper, seier Fretland.

Ein uvanleg musikal

Idéen om ein musikal fekk gutane over ein ferjekaffi mellom Fodnes og Mannheller.

Kom heimatt, gut.

FERJEIDÉ: Dei to har jobba med idéen dei fekk på ferja i nesten eit år.

Foto: Mariell Øyre

Det er ikkje ofte det skrivast nye musikalar, korkje i Sogn og Fjordane eller resten av landet.

– Ein tenkjer på musikal som ein sjanger som høyrer til dei store byane, og som går kveld etter kveld. Dette er den rake motsetninga, seier komponist Fretland.

Gutane har til no planlagt fire framsyningar, men vil gjerne spele musikal alle plassar nokon vil sjå. Dei meiner at temaet er aktuelt i alle bygder og i byar med innflytta bygdefolk.

Sparsam scenografi

Kom heimatt, gut

KOMMODE: I kommoden til Høstaker finn ein mobiltelefonar og e-post som er teikna på ark.

Foto: Mariell Øyre

Dei har innreia den gamle stua i Lærdal slik som scena på operagarden vil sjå ut. Det er få rekvisittar, berre ein kommode, eit piano og ein lampeskjerm frå NMS-butikken i Førde.

– Det står berre på oss. Det er ein utfordring som er skummel men fin, seier Fretland.

Den sparsamt innreia scena gir skodespelaren og komponisten lite å lene seg på om noko skulle gå gale.

– Den framsyninga her kjem til å leva sitt eiga liv, trur Høstaker.