Hopp til innhold

Flunkande nytt anlegg blir ikkje brukt - har tapt 340 millionar på fem år

Problem i marknaden gjer at Alexela Sløvåg sitt nye og topp moderne tankanlegg i Gulen ikkje blir brukt. Selskapet har gått 340 millionar kroner i minus dei siste fem åra og framtida for dei 19 tilsette er usikker.

Alexela i Sløvåg i Gulen

SKJER INGENTING: Det flunkande nye anlegget til Alexela i Sløvåg er ikkje i bruk.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Etter den historia som ligg bak her frå 2007, der det har vore investert litt i overkant av ein halv milliard kroner, så skulle vi veldig gjerne hatt litt positiv cash-flow i 2013, og det hadde vi også rekna med. Dette er ikkje hyggjeleg, seier dagleg leiar Lars Narverud.

Alexela Sløvåg og dei estiske eigarane i morselskapet Alexela Logistics har brukt ein halv milliard kroner dei siste fem åra på å byggje opp eit topp moderne anlegg for mellomlagring av bensin i Gulen.

Ein del av midlane har også gått med til opprydding etter dei dramatiske eksplosjonane i mai 2007 der to oljetankar gjekk i lufta. Det nye anlegget har kapasitet til å ta imot 90 millionar liter bensin, men er ikkje i bruk. Narverud forklarer situasjonen slik.

Mindre økonomisk lønnsomt

– Vi meiner årsaka ligg i dei fallande tank-ratane, som er rekordlåge, slik at produkteigar vel å la produktet vere om bord på båtane, i staden for å laste om til landterminalar. Det er meir økonomisk lønnsamt for dei, slik ratebiletet er no, seier Narverud.

Ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal, synest det er leiar at tankane står tomme og an anlegget ikkje er i drift. Han er spesielt uroa over dei om lag 20 tilsette og fryktar dei skal bli permitterte.

– Slik dei har bygd seg opp etter Vest Tank-ulykka med eit nytt og flott anlegg, og viss ikkje det kjem skikkeleg i drift, så er det leit for heile området, seier Oppedal.

NRK har vore i kontakt med fleire analytikarar innan shippingmarknaden og alle trur at det etter kvart vil bli høgare fraktruter på bensinprodukt.

Raude tal sidan 2008

Dette kan bety at det om ikkje lenge vil løne seg å mellomlagre bensin i Sløvåg i staden for å nytte tankskipa som lagringsplass. Oppedal håper og trur anlegget i Sløvåg vil kome i bruk snart.

– Eg håpar ein kan klare å komme over denne kneika, og at det går etter intensjonane, seier Oppedal.

Alexela Sløvåg har hatt blodraude tal heilt sidan 2008, då driftsresultatet vart på minus 47 millionar. Året etter var situasjonen endå verre med eit driftsresultat på minus 123 millionar kroner.

I 2010 var underskotet på 15 millionar og i 2011 på minus 22 millionar. I fjor var driftsresultatet på formidable 136 millionar kroner i underskot. Narverud seier selskapet må byrje å tene pengar snart.

– Alexela har synt ein stayerevne sidan 2007, og har lagt mykje kroner på bordet for å investere i dette anlegget. Vi ønskjer jo ikkje å gi opp no, men det er klart at alt har sin slutt. På eitt eller anna tidspunkt må vi byrje å tene pengar, seier Narverud.

Trur ikkje det er fare for konkurs

Han legg til at dei har eit morselskap i ryggen som er sterkt og solid, men heller ikkje dei kan ause ut pengar i evig tid, dersom ikkje situasjonen snur snart.

– Er det fare for konkurs?

– Det ser eg ikkje på som nokon fare i det heile. Då måtte vi heller nedskalert drifta. Per i dag er vi 18–19 tilsette, og det er klart det er store kostnadar knytt til det, seier Narverud.

– Kan det skje at tilsette må permitterast?

– I verste fall kan det bli aktuelt, men ikkje førebels, seier Narverud.

Han vil ikkje gå med på at det har vore ei feilinvestering å bruke så mykje pengar på anlegget i Gulen.

– Spør du styret i morselskapet, så vil dei kanskje seie det. Men eg meiner vi no har fått eit fantastisk tankanlegg, og vi ser på andre moglegheiter og andre samarbeidspartnarar, mellom anna har Statoil vore på anlegget og funne det fullt brukande, seier Narverud.