Hopp til innhold

Heilstekt gris på menyen

God mat er også ein viktig ingrediens for ein vellukka countryfestival. I campen på Breim startar dagen med cowboy-frukost og endar med heilsteikt gris.

Sjølv om countrymusikken er det sentrale på Norsk Countrytreff på Breim, er det også mykje som skjer i campen.

CAMPMAT: Utan mat og drikke duger helten ikkje.

– Grillen roterer av seg sjølv, så ein får grisen jamt stekt og at han ikkje vert brent, seier Ole-Bjørn Ese.

Han viser fram grillen som er klar til å ta imot ein heil gris. Enn så lenge ligg grisen klar på kjøl.

I tillegg til god mat, og sjølvsagt musikken, er det sosiale det viktigaste for mange. Venninnene Sigrid Rio Kvarme og Hilde Hirth frå Voss er her på åttande året, og har alt møtt gamle kjende. Dei er godt installerte, sjølv om plassen frå i fjor var oppteken.

– Det er no denne eine gongen i året vi ser kvarandre, seier festivalnabo Arild Nes.

Countryfestivalen som har heldt det gåande i over 20 år håpar på rundt 11.000 besøkande i løpet av helga, fortel dagleg leiar Eva Hage Solstad, som er nøgd med glade festivalgjester.

– Eg synest det er veldig sjarmerande. Tenk på den gleda det er å planlegge dette, og ikkje minst det å setje det ut i livet, smiler festivalsjefen.

  • Du kan sjå ein smakebit frå festivalen i vår CountryLutt-sending