Hopp til innhold

Heilfrelste på radiostyrte lastebilar: «Nokre kallar det barnsleg, andre kallar det galskap»

Radiostyrte køyretøy er langt ifrå berre for smågutar. På Raudeberg i Vågsøy har ein gjeng over gjennomsnittet entusiastiske menn laga sin eigen minilandsby for lastebilane sine.

Radiostyrte køyretøy er langt i frå berre for smågutar. På Raudeberg i Vågsøy har ein gjeng over gjennomsnittet entusiastiske menn laga sin eigen minilandsby for lastebilane sine. Reporter/foto: Stine Kyrkjebø Johansen, NRK

VIDEO: Slik tilbringer medlemmane i Vågsøy RC Lastebil kvar onsdag. Det går med både pengar og tid går dei skal kose seg med hobbyen sin. Reporter/foto: Stine Kyrkjebø Johansen, NRK

NRK.no har tidlegare fortalt om dei ivrige mennene som boltrar seg på 700 kvadratmeter sand og anleggsvegar.

Vågøsy RC Lastebil består av om lag 20 personar som har det kjekt og sosiale i lag. Til saman har dei over 50 køyretøy av typen lastebilar og anleggsmaskinar i skala 1:14.

– Nokre kallar det vi driv med for galskap, andre tykkjer det er barnsleg. Men er du fødd og oppvaksen med radiostyrte ting, er dette heilt topp. Det er ikkje noko som er kjekkare enn dette, seier Øyvind Våge.

Dei har vore i det nye og store lokale i eitt år. Gjengen håper å få leige lokalet ved sida av også. For dei har store planar. Våge visar rundt og fortel om kva dei held på med.

– Her skal det bli industriområde, her kjem brannstasjonen og der borte skal vi utvide hyttefeltet vårt.

Han og dei andre byggjer bilane sjølve og lagar til vegar, rundkøyringar, innsjøar og bygningar.

– Det er lett å blei veldig oppslukt av dette. Det kan vere vanskeleg å stoppe, ler han.

Øvst i saka kan du sjå TV-innslaget som blei sendt i Vestlandsrevyen denne veka.

Inge Arne Blålid

STORTRIVAST Inge Arne Blålid seier hobbyen er sosial og at tida går fort når dei på med dette.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK