Hopp til innhold

Heidra faren med sjølvskriven raplåt

VIK (NRK): Knapt eitt auga var tørt då Trym Haugen Austrheim framførte låten si «Forlatt» under minnekonserten for faren, Odd Roger Haugen, laurdag kveld.

FORLATT: Trym Haugen Austrheim framførte rappen sin 'Forlatt' saman med Stine Beate Bøthun Breilid. Songen handla om korleis han har opplevd å mista begge foreldra på kort tid.

FORLATT: Trym Haugen Austrheim framførte rappen sin 'Forlatt' saman med Stine Beate Bøthun Breilid. Songen handla om korleis han har opplevd å mista begge foreldra på kort tid. Foto: Levald Vangsnes

Saman med søskena Frie Sunniva Haugen, Gard Eirik Austrheim og René Anthony Ekroll Haugen arrangerte dei minnekonsert i Vik for faren Odd Roger Haugen, som døydde brått og uventa 19. august i fjor.

Rått og brutalt skildra Trym gjennom songen korleis det var for søskenflokken på fire å sitje att åleine.

– Eg har laga musikk sidan 2004, men eg har aldri framført den for eit livepublikum før. Dei låtane eg har laga har eg berre spelt inn i studio, seier Trym.

Eg gjekk som vanleg opp trappa, hundane dei bjeffa så hardt og brutalt.

Eg skjønte ganske fort at det var noko som var galt.

Der låg han på golvet og eg fikk panikkangst.

Det å redda livet hans var ikkje ein sjans.

Frå låta "Forlatt" av Tryminem som Trym Haugen Austrheim skriv for å heidre faren

Stinn brakke

Før konserten beskreiv Trym låten si som brutal og sterk. I songen sette han ord på det han følte etter at dei fire søskena mista faren i fjor. I 2008 mista dei også mor Adelheid Austreim som tapte kampen mot kreften.

– Eg har høyrt låten før, og det er ei rørande tolking av korleis Trym opplevde pappas bortgang, seier René.

Fleire i salen måtte fram med lommetørkle for å tørka tårer då Trym song låten si.

Dei etterlatte borna til Odd Roger Haugen

OVER ALL FORVENTNING: Nesten 400 personar møtte opp under minnekonserten for Odd Roger Haugen som gjekk bort 19. august i fjor. Borna Frie Sunniva Haugen (f.v.), Trym Haugen Austrheim, Rene Anthony Ekroll Haugen og Gard Eirik Austrheim har stått for det meste av planlegginga. – Me tok initiativet, men hadde ikkje klart det utan hjelpa me har fått frå Erling Stadheim, Ole Jørgen Øygarden og Frank Fredriksen, seier dei.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Odd Roger Haugen var ein framståande person i musikklivet i Vik, og han fekk i 2013 kulturprisen for sin innsats gjennom fleire tiår i blant anna Vik musikklag og Vik songlag.

– Me har sett saman ein konsert med innslag som pappa var involvert i. Det var ein konsert i hans ånd, seier dei fire søskena samstemde.

410 stolar var sett fram i Blixhalli, og knapt eitt sete var ledig under konserten.

Planlagt lenge

At dei skulle arrangera minnekonsert var det aldri noko tvil om.

– Me byrja å snakka om det alt dagen etter at pappa døydde. Det var aldri noko tvil om at dette var det riktige å gjere, seier søskenflokken.

Det siste året har vore tøft for søskenflokken, som har mista begge foreldra sine. Frå før av har dei mista besteforeldra sine.

– Det vi har gått gjennom har gjort at vi har fått eit utruleg godt samhald. Vi snakkar med kvarandre på telefonen kvar dag, og har eit sterkare forhold enn nokon gong, seier Frie, som er yngst av dei fire søskena.

Fleire tilreisande

Odd Roger Haugen kom frå Trøndelag, og fleire hadde også teke turen derifrå for å få med seg konserten.

Jan Kjetil Haugen

KONFERANSIER: Jan Kjetil Haugen, bror av Odd Roger Haugen tok på seg rolla som konferansier.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– For oss i familien som bur geografisk langt vekke er det fantastisk godt å sjå at bygdesamfunnet har teke godt vare på dei i den tøffe tida, seier Jan Kjetil Haugen.

Han er bror til Odd Roger Haugen, og var konferansier under minnekonserten.

– For oss betyr dette ekstremt mykje. Pappa hadde ikkje vore pappa utan musikken, og vi er utruleg stolte over at så mange kom. Pappa hadde likt denne konserten, seier Frie.

Rolf Olsen

ELVIS: Rolf Olsen stilte opp i Elvis-kostyme og song med medan Vik Musikklag spelte.

Foto: Thomas Brakstad / NRK