Hopp til innhold

Haustferievêret er til å nyte

Meteorologen lovar godt haustvêr til dei mange som har haustferie.

Haust på Brendefjell i Årdal

HAUST: Kommande veke har mange skuleborn fri og kan sjå fram til å nyte dagane i fint haustvêr.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Mykje av det fine vêret frå søndag held fram måndag. Det blir det ganske fint vêr, seier statsmeteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet, Trond Thorsteinsson.

Del dine haustfoto med oss!

På store delar av Vestlandet er det haustferie i veke 41, kommande veke. Dei kan sjå fram til ei veke med fint haustvêr.

Sjekk ditt lokale vêrvarsel på yr.no!

– Viss ein ser litt stort på det så ser veka under eitt ut til å bli ganske tørr. Det kjem noko nedbør, mest mot slutten av veka. Men det blir nok mykje bra vêr, men med nokre grå dagar mellom.

Turhund

EIN HUND ETTER TUR: Aro likar seg i skog og mark.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Mange slit med å finne på ting å gjere i haustferien, men med fint vêr er det ein ypparleg sjanse til å stikke til skogs eller ta årets siste sykkelekspedisjon.

– Det blir periodar med veldig mykje fint vêr, det er vel kortversjonen, seier Thorsteinsson.