Ein glasiolog frå NVE har vore framme ved breen og avdekka at det er fare for at eit mykje større isområde enn vanleg skal falle ned.
– Det kan falle ned kva tid som helst. Det veit ein ikkje, seier lensmann i Luster, Asle Karoliussen.
Utvida sperringar og innfører vakthald
Etter hastemøtet er konklusjonen at sperreområdet rundt brekanten vert utvida, og merkt med politiband slik at det skal verte tydlegare.
– I tillegg innfører vi ei vaktordning i området, som gjer at vi får nokon som er til stades og har tilsyn frå morgonen til ettermiddagen, seier lensmann Karoliussen.
Vidare lagar dei ei avgrensing for å sikre elveløpet i større grad enn tidlegare.
– Det gjer vi for å ta høgde for at det kan kome ei flodbølgje dersom isområdet kollapsar, seier lensmannen
Dei vil også flytte sperringane slik at dei får eit fotopunkt som er nært nok og trygt nok til at turistane sine behov for å ta bilde vert dekka.
– Så sperrar vi av på venstresida slik at berre breførarlaget får disponere den sida. Familieruta skal starte på nedsida av brua og ikkje oppe med breen slik som i dag. Då meiner vi at vi har gjort det vi kan i høve sperring, seier Karoliussen.
Stengjer brevegen
Dei vel også å stenge brevegen til visse tidspunkt på døgnet.
– Er ikkje dette eit brot på allemannsretten, altså nordmenn sin rett til å bruke naturen som dei vil?
– Det er det. Men no er situasjonen ekstrem i dette spesifikke området. Vi kunne brukt politiloven og innført eit ferdselsforbod, men det ville vore eit enno større inngrep. Det vel vi å ikkje gjere dersom vi får på plass ei ordning som gjer at vi er trygge på at folk er i trygg avstand til farane som kan oppstå her, seier Karoliussen.
No vil dei vurdere fortlaupande, dag for dag, kor lenge tiltaka skal vare.
– Vi får sjå om vi får gjort noko med ismassivet, til dømes ved dynamitt. Får vi ikkje det må vi eventuelt få ei ny evaluering av ein glasiolog, seier lensmannen.
Hastemøte innkalla i dag tidleg
Rundt klokka 10.30 kunne ordførar i Luster, Ivar Kvalen, fortelje at dei var på veg fram for å vurdere tryggleiken på nytt, i eit hastemøte etter NVE-rapporten.
– Me er på veg fram for å vurdere tryggleiken ved breporten på nytt. Det er eit område på anslagsvis 100 kubikkmeter som kan skape ein slags demning i elva, sa Kvalen.
Breane kalvar alltid. Men isområdet som no står i fare for å falle ned er større enn vanleg.
Det har dei siste dagane vore snakk om å flytte sperringane nærmare breen, fordi det vert vurdert som trygt, og kan gjere at turistane i større grad respekterer sperringane.
- LES OGSÅ: Meiner tryggingstiltaka er gode nok
- LES OGSÅ: Har lite tru på store gjerde framfor breen
- LES OGSÅ: Vurderer å flytte sperringane.
Men etter opplysningane om den store rasfaren har dei ansvarlege altså innført ei rekkje sikringstiltak allereie. Det sa ordføraren allereie før møtet.
– Dersom meir sikring vert avgjerda, vil tiltak verte gjort umiddelbart, sa ordføraren klokka 10.30.
Ekstra påpasselege no
– Er dette noko det ville reagert på dersom ikkje det som skjedde på søndag skjedde?
– Tryggleiken rundt breen vert fortlaupande vurdert. Det blir han gjort alle sesongar. Kommunen ser over dette to gonger i veka heile sesongen, sa Kvalen, og heldt fram.
– Men det er klart den tragiske hendinga tidlegare i veka har gjort oss meir obs på utviklinga i brefronten akkurat no.