Hopp til innhold

Har trua på ein god langrennssesong i fjordfylket

I dag gjekk startskotet for årets langrennssesong i Sogn og Fjordane. Rikeleg med snø gjer arrangøren sikker på at dette endeleg vert ein god sesong for langrennsporten i heile fylket.

Bjønnastarten 2014

RASKAST: Det var Markus Johansens Westgaard som stakk av med sigeren i årets første skirenn i Sogn og Fjordane.

Foto: Tore Sønnesyn

Mykje folk hadde møtt opp til Bjønnastarten i Leirdalen i Luster, sjølve markeringa for starten av årets langrennssesong.

Med ein meter og 30 centimeter snø, og ein gradestokk som synte tre-fire kuldegrader var forholda til stades for å skape ein god start på sesongen.

– Dagen har vore veldig bra og vi har hatt god deltaking, akkurat slik det pleier å vere, seier rennleiar Oddmund Lefdal i IL Bjørn .

Dei siste sesongane har dei merka godt inne i Indre Sogn at ikkje resten av fylket har vore like heldige med snøfallet. Så no ser han fram til ein skisesong med renn kvar helg.

– Det er det lenge sidan sist vi har opplevd, seier han.

Mange yngre skientusiastar

Bertine Thorsnes Lefdal

BESTE KVINNE: Bertine Thorsnes Lefdal vann kvinneklassen under årets Bjønnastarten.

Foto: Tore Sønnesyn

Markus Johansen Westgaard, frå Trøsken IL vann rennet som var på 10 kilometer med tida 34:01. I dameklassen var det Bertine Thorsnes Lefdal, for IL Bjørn som var raskast i sporet med tida 40:34.

– Det var utruleg mykje yngre her i år, og ei fin blanding av lokale og tilreisande, sjølv om det naturleg nok var dominerande med Sogningar her. Den som hadde reist lengst var vel Oddbjørn Hjelmeseth med sine to skientusiastar, fortel Lefdal.

Lover godt for årets skirenn

Rennet skulle eigentleg gå for 14 dagar sidan, men då var det ikkje nok snø til at konkurranseforholda var til stades. No har dei fått rikeleg slik at det tradisjonelle rennet kunne settast i gong. Dette er det første lokale skirennet i denne vinteren.

Lefdal fortel at Leirdalen er den plassen i fylket det normalt er mykje snø og difor gunstig til å bruke til eit slikt renn.

– Sesongen i år vert nok litt spesiell. Dei siste tre-fire åra har ein nesten ikkje kunne gått på ski før jul nokon plass. Så snøen vi har fått no i store delar av fylket lovar godt for skirenn framover. I fjor og forfjor vart mange av skirenna flytta grunna mangelen på snø, no har vi i alle fall fått ei god opning, seier Lefdal.

Bjønnastarten 2014

KLAR, FERDIG, GÅ: Både store og små hadde møtt opp til årets markering av starten på langrennssesongen.

Foto: Oddmund Lefdal