Hopp til innhold

Dette har Ann Kristin tenkt på i tre dagar - men no er det slutt

Den fatale episoden på jaktstarten har kverna rundt i hovudet på skiskyttar Ann Kristin Aafedt Flatland sidan søndag. No håpar ho 15-kilometeren i dag var nok til å få episoden ut av hovudet.

Ann Kristin Aafedt Flatland

KJEM ATT: Ann Kristin Aafedt Flatland fortel at fallet på jaktstarten har kverna i hovudet sidan søndag.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB Scanpic/NRK

– Eg har aldri vore i ein liknande situasjon. Eg hadde omtrent VM-medaljen rundt halsen, og så skjer noko slikt. Eg har grubla og tenkt masse. Og sjølv om eg har prøvd å ikkje tenkje, så kjem det opp att bilete i hovudet, seier Flatland til NRK.no.

På femtenkilometeren i dag vart det tre bomskot, og ein litt trå dag i sporet, noko som sende jenta frå Vangsnes i Vik kommune ned på ein 44. plass.

Mange unnte den likande jenta så mykje betre etter episoden under søndagens jaktstart der ho køyrde inni russiske Olga Zajtseva, fall og braut ei ski, og måtte til slutt ta til takke med ein sur sjuandeplass.

Vart ei god gjennomkøyring

– Dette er ikkje den distansen som passar meg best, så no var det mest for å få ei gjennomkøyring. Eg håpar og trur at eg no har lagt det bak meg, og at eg byrjar litt på nytt att, seier Flatland.

Ho ser fram til å få restituert seg godt torsdag, og nullstille seg for det som kjem.

Fredag er det kvinnenes stafett, og Flatland er optimist med tanke på løpet som ligg føre.

– Forma er god og skytinga er bra. I dag vart det ikkje full klaff, men løypa fredag og søndag (12,5 km fellesstart) passar meg langt betre, seier Flatland.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Ann Kristin Flatland fallt og ødela sjansene for medalje under søndagens jaktstart i VM. Her slipper hun følelsene løs. Foto: Anders Rove Bentsen

Ei skuffa Flatland

Gjekk ikkje godt nok teknisk

Ho er klar på ho kan halde langt høgare fart i sporet, men føret i dag var ikkje heilt optimalt.

– Eg klarte rett og slett ikkje å gå godt nok teknisk. Men det viktige no er å sjå framover og byrje på nytt, seier Flatland.

Etter å ha hatt både dottera Anne, mannen Kristian Brekken og fleire andre slektningar på tribunen i Nove Mesto i Tsjekkia, er ho no åleine resten av meisterskapen.

– Det er ikkje så lenge att, så det må gå bra. Dessutan søv eg så lenge på morgonen no at eg hadde vondt i ryggen då eg vakna. Litt omstilling, kan du seie, ler den spreke eittbarnsmora.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Ann Kristin Flatland skjøt fullt hus på siste skyting og hadde meldt seg på i kampen om en pallplassering, men så fallt hun og brakk den ene skien. Kommentator: Andreas Stabrun Smith. Redigering: Hilda Klaveness

Her ryk medaljesjansane for Flatland

Litt tomt utan familien

Men ho innrømmer at det er litt annleis når familien ikkje er der.

– Det er litt meir tomt, det er klart. Men det er mange andre mødrer og fedrar her også, som er utan ungane sine, så det må eg klare, seier Flatland.

Forventningane til kva Norge kan prestere på stafetten er store, men Flatland peikar på at det er mange andre nasjonar som har sterke løparar.

– Både Ukraina og Russland, mellom anna, er sterke, så ingenting er avgjort før løpet er ferdig. Men vi kan vere med å kjempe om medalje, det er heilt klart, seier Flatland.