Hopp til innhold

Dette har ført til milliontap for Helse Førde

Helse Førde har til saman 1,5 millionar i rekningar som ikkje er betalte dei to siste åra. Det aller meste er frå turistar som ikkje har forsikring.

Brann Gudvangatunnelen
Foto: Stine Larsen Ramsøy

Både 2012 og 2013 var Sogn og Fjordane prega av ulukker der turistar vart ramma. Etter brannen i Gudvangatunnelen i fjor sommar fekk 24 kinesarar akutt helsehjelp. Berre det kosta 800.000 kroner for Helse Førde.

– Vi må behandle pasientane som kjem til våre sjukehus uavhengig om dei der og då kan betale eller ikkje, seier konstituert økonomidirektør i Helse Førde, Joar Halbrend.

Vanskeleg å finne dei att

Førde sentralsjukehus

TAPAR PÅ TURISTAR: I stor grad taper Helse Førde på å gi helsehjelp til turistar som ikkje har europeisk helsetrygd eller forsikring. Førde sentralsjukehus er eit av sjukehusa som behandla fleire kinesarar etter brannen i Gudvangatunnelen i fjor sommar.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Totalt har Helse Førde 1,5 millionar kroner i rekningar som ikkje er betalte. Dei fleste er frå turistar som kjem frå land utanfor EØS og EU som ikkje har helseforsikring.

Og det kan vere vanskeleg å krevje inn pengane.

– Pasientar som ikkje går under europeisk helsetrygdordning eller reiseforsikring, dei må betale sjølve. Og sjølvbetalande turistar kan vere vanskeleg å få tak i i ettertid, og det gjer til at vi får eit større tap på dei enn andre pasientar, seier Halbrend.

Ikkje krise for økonomien

Slik situasjonen er i dag medfører ikkje pengetapa ei krise for helseføretaket, men om summane aukar kan det få følgjer.

– Vi brukar mykje jobb ute på sengepostane for å samle informasjon om pasientar som er der, vi brukar tid i administrasjonen for å sende krav til rett og skulle vi tape pengane så har vi mindre pengar å bruke på dei ordinære helsetenestene vi har. Men med dei tapa vi har i dag er det ikkje noko som tyngjer rekneskapen til Helse Førde, seier den konstituerte økonomidirektøren.