Hopp til innhold

Har allereie imponert visepresidenten

– Alt talar for at dei har det som trengst. Den beskjeden frå visepresidenten i det Europeiske vektløftarforbundet får fram smila i Sunnfjord.

Benny Johansson, Stian Grimseth, Per Mattingsdal, Steinar Kvame, Tom Farsund

HAR TRUA: Alle desse fem har trua på at Tambarskjelvar kan få arrangere EM i vektløfting i Førde i 2016. Frå venstre: Benny Johansson, Stian Grimseth, Per Mattingsdal, Steinar Kvame og Tom Farsund.

Foto: Anna Gytri / NRK

Løftearena, treningsfasilitetar, hotell og logistikk. Krava til alt dette er store om Tambarskjelvar IL skal få arrangere EM i vektløfting i Førde.

Alt må ligge til rette skal dei gå grønt lys og etter kvart bli tildelt meisterskapen i 2016.

I dag hadde arrangørane i Tambarskjelvar storfint besøk, visepresident Benny Johansson i det Europeiske vektløftarforbundet (EWF) fekk omvising for å finne ut om det som trengst kjem til å vere på plass.

– Av det eg har sett til no, så er alt bra. Føresetnadane er veldig gode for å gjennomføre eit EM her, seier han til NRK.no.

Viktig for både sporten og regionen

Dette gler naturleg nok arrangørane som i fleire månader har sysla med tanken om å søke på den internasjonale meisterskapen. Alt i mars avslørte dei planane sine, og sidan har det blitt lagt ned timevis med arbeid.

Stian Grimseth, som sjølv har vore aktiv vektløftar og har delteke i ei rekkje VM og EM, seier det er fleire grunnar til at dei vil søkje om å få arrangere EM.

– Vi har arrangert fleire store og gode meisterskap tidlegare, og vi ser at store gode sportsarrangement er viktige for regionen.

– Samtidig var EM i Stavanger mitt første EM, og der tok eg EM-gull. Det å gi andre lokale og nasjonale utøvarar same moglegheita, det synst eg er veldig spennande, seier Grimseth.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stian Grimseth

AKTIV: Stian Grimseth fekk sjølv sin EM-debut på heimebane, i 1996 i Stavanger. Han håpar å kunne gje lokale løftarar same moglegheita, med eit EM i Sunnfjord i 2016.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Har fått hjelp av «alle»

Saman med leiar av søknadskomiteen Steinar Kvame og Tom Farsund i FinDriv AS frontar han EM-søknaden. Den kan ende opp med eit stort arrangement som til saman kan lokke hundrevis av utøvarar og tilskodarar til Sunnfjord.

– Det vil kunne bli mange tilreisande frå dei nasjonane som deltek, seier Grimseth.

Tom Farsund er heilt trygg på at dei som arrangørar og miljøet rundt vektløftarsporten er store nok lokalt til å takle alle utfordringane eit slikt meisterskap vil medføre.

– Det trur eg heilt sikkert!

– No er det Tambarskjelvar og Naustdal som er sjølve vogga for dette, men vi har vore i møte med ordførarane i både Førde og Naustdal, idrettslaget i Førde, og idrettskrinsen. Alle stiller opp med det som trengst, seier han.

Mange utfordringar

Og det er mykje som må vere i orden. Dei nemner i fleng.

– Det arrangementstekniske, lokalitetane, hotellkapasitet, innkvartering, transport frå dei internasjonale flyplassane til Førde.

I tillegg er ein avhengig av støtte frå sponsorar og lokalt næringsliv. For det vil bli ein heilt anna prislapp for dei som skal reise på ein meisterskap i Norge enn i fleire andre land lenger sør i Europa.

– Kostnadsnivået er sjølvsagt relativt mykje høgare her i forhold til dei andre europeiske landa som skal vitje oss. Der er det ein del utfordringar vi må løyse, og då er sjølvsagt samarbeid med sponsorar og næringslivet i Sunnfjord noko som må på plass for å få til gode løysingar, seier Grimseth.

Éin konkurrent om meisterskapen

Og under synfaringa i dag var visepresidenten i det Europeiske forbundet godt nøgd.

– Eg synest alt talar for at dei har det som skal til, seier Johansson.

Førebels ser det ut til at Førde og Norge berre får ein konkurrent, nemleg Slovakia. Noko meir enn det kan ikkje Johansson seie no.

Etter besøket skal han skrive ein skriftleg og munnleg rapport som han skal leggje fram for forbundet når dei møtast den 20. september i Tallinn. Og det er då avgjerda fell.

Siste sjanse for OL-kvalifisering

President i Norges Vektløfterforbund, Per Mattingsdal, trur som sin kollega at arrangørane i Sunnfjord har gode sjansar.

– Eg er av same oppfatning som Benny, og eg trur dei har veldig, veldig store sjansar på å få meisterskapen, seier Mattingsdal til NRK.no.

Han legg ikkje skjul på at det kan bli svært mange sterke menn og kvinner i området om det skulle bli eit faktum.

– EM vil vere siste sjanse for europearane til å kvalifisere seg til OL i Rio. Og det er mange land som sender store lag for å kvalifisere seg til OL, og difor er EM suverent størst når det samtidig er OL-kvalifisering, seier han.

Direktesendingar på Eurosport

Skulle Tambarskjelvar lukkast med å få tildelt meisterskapen vil det også bety mykje for marknadsføring av regionen. EM i vektløfting blir nemleg sendt direkte på Eurosport.

– Eurosport sender direkte frå alle A-gruppene, og dei sender også eit innslag frå populære stadar i nærområdet i samband med sendingane.

– Så viss dette blir, så blir det ei fantastisk fin profilering og reklame for fjell og fjordar, seier han.

Vil møte opp personleg

Kven som blir tildelt EM i 2016 blir altså bestemt om vel ein månad, på eit møte i Tallinn den 20. september. Aller først må arrangørane i Tambarskjelvar IL få sendt inn søknaden.

– Innan kort tid må vi få sendt inn søknaden, og så har vi også skumle planar om å vere til stades i Tallinn, seier Farsund.

– Vi trur det vil vere nødvendig. Under EM i Albania i vår trefte eg ein del av dei som skal ta avgjerda, men å følgje dette opp og presentere søknaden personleg blir nok viktig, seier Grimseth.