Hopp til innhold

Har påvist nytt tilfelle av dødeleg sjukdom

Det er oppdaga eit nytt tilfelle av den frykta dyresjukdomen Chronic Wasting Disease (CWD). Denne gongen på ein villrein som er felt under reinsjakta i Sogn og Fjordane.

CWD rein Lærdal

SJEKKAR REIN: Statens naturoppsyn og Mattilsynet gjennomfører omfattande undersøkingar av rein.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Det er Veterinærinstituttet som har varsla Mattilsynet om at det for fjerde gong er påvist CWD i Norge. Funnet er gjort etter at det er sett i gong omfattande gransking av reinsdyr og andre hjortedyr i Sør-Norge.

– Denne gongen var det ein voksen bukk sjukdomen blei påvist på i Nordfjella i Lærdal. Dei driv med utstrekt prøvetaking i høve reinsjakta, og i dag fekk vi svar at det dessverre er funne CWD på bukken, seier seniorinspektør Rune Myklatun i Mattilsynet til NRK.

Rune Myklatun i Mattilsynet

UROA: Seniorinspektør i Mattilsynet, Rune Myklatun.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Fryktar Mattilsynet at dette er ein sjukdom som vil skape betydelege problem i åra framover?

– Det er det vanskeleg å seie noko om no, men vi har grunn til å vere litt bekymra.

– Sjukdomen er dødeleg for hjortedyr, men har aldri smitta til menneske, verken frå dyr eller kjøt, skriv Mattilsynet i ei pressemelding måndag kveld.

Vestlandet og Trøndelag

Blant anna i Nord-Amerika er CWD eit stort problem og styresmaktene der har gjennomført massenedslakting av hjortedyr for å kome sjukdomen til livs.

– Kva som blir vurdert av slike tiltak her i Norge er for tidleg å seie, seier Myklatun.

I Norge er det fram til no altså påvist fire tilfelle av sjukdomen.

  • August: Ein villrein i Sogn og Fjordane
  • Mai: To elgar i Trøndelag
  • April: Ein villrein i Lærdal

Må melde frå om sjuke dyr

Totalt skal det testast om lag 15.000 dyr denne hausten i regi av Mattilsynet og Miljødirektoratet.

– Det er svært viktig at jegerar og andre som ser sjuke eller døde hjortedyr melder frå Mattilsynet. Symptom på CWD er avmagring, hyppig urinering og unormal oppførsel, til dømes dyr som ikkje skyr menneske, skriv Mattilsynet.

Sjukdomen smittar ikkje gjennom luft, men kan smitte gjennom til dømes urin og fôr. CWD er ein såkalla prionsjukdom, der dyret utviklar protein som ikkje blir brotne ned i kroppen.