Hopp til innhold

Trur det er marknad for døgnope treningssenter

Espen Dalaker Langeland opna Sogn Fitness laurdag, og er dermed siste skot på stammen av ei heil rekkje treningssenter i Sogn og Fjordane.

Espen Dalaker Langeland

IKKJE METTA: Espen Dalaker Langeland trur det er plass til to treningssenter i Sogndal.

Foto: privat

Han står i bresjen for eit treningssenter som vil leggje til rette for at folk skal ha tid til å trene når dei vil. Difor er senteret ope 24 timar i døgnet.

– Den marknaden trur eg er større enn folk anar. Folk er opptekne i kvardagen og har problem med å finne tid til trening. Har ein heile døgnet til å trene, klarar ein alltid å finne tid, seier Langeland.

Og det er ikkje berre dei store stadane i fylket som har senter for trening og helse, også på relativt små stadar poppar tilboda opp.

– Det er for å betre tilbodet til folk slik at dei skal få trene det dei ønskjer, seier Langeland.

Trur ikkje marknaden er metta

Han peikar på at det er fleire og fleire som trenar og som vil komme i form, og trur ikkje marknaden er metta for treningssenter.

– Fleire og fleire ser helsevinstar ved å vere i form, og det har rett og slett berre vorte meir populært å trene, seier Langeland.

Espen Dalaker Langeland

MANGE VIL TRENE: Kent Roger Engdal hos Spenst Førde seier dei ser stor treningsiver blant folk.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Kent Roger Engdal er dagleg leiar hjå Spenst Førde, og også han stadfestar at treningsiveren er stor blant folk.

– Vi har ein stor medlemsmasse, og har gjort ein del grep for å få det meir tverrfagleg rundt oss, seier Engdal.

I januar var det nye treningssenteret ferdig, og no tek dei til med byggjesteg nummer to.

– Vi skal utvide ytterlegare, og det er rett og slett for å tilpasse oss at det er populært og mange vil trene, seier Engdal.

Ikkje eit mål å bli størst

I løpet av august opplevde dei ein medlemsauke på 200 medlemmer og er oppe i 2.200 medlemmer totalt.

– Målet er ikkje å bli størst. Vi har eit lågt fråfall. Vi ligg på ein halv prosent i månaden, og det er lågt i treningsbransjen, seier Engdal.

Han trur det skuldast at dei er flinke til å følgje opp medlemmene, og at dei får nytt treningsprogram kvar sjette veke.

– Målet blir å ta vare på dei medlemmene vi har, seier Engdal.

Trass i at Sogn og Fjordane bognar av flotte fjell, glitrande natur og turløyper på kryss og tvers i dei fleste kurvaturar og stigningsgrader, så trekkjer altså folk innandørs for å få rørt på seg.

Trur folk er meir medvitne

Engdal trur det har fleire årsaker.

– Eg trur det har mykje å seie at ein får hjelp til å komme i gang. Mange blir meir medvitne på at det å trene og ete betre er godt for helsa. Og så trekkjer ein kanskje til treningssenter fordi ein får hjelp til å komme i gang og gjere det rette, seier Engdal.

Men trass i dei positive sidene ved å vere innandørs, peikar Engdal på at utandørs-trening byr på noko meir.

– Der har ein frisk luft og kupert terreng. Eg trur nøkkelen er begge delar. Det gir best variasjon, seier Engdal.

Folk har betre råd

Instituttleiar Kari Aaberge på Høgskulen i Sogn og Fjordane, Kari Aaberge, på Høgskulen i Sogn og Fjordane trur det er grunnlag for dei treningssentera som vert oppretta.

– Grunnen til at senter vert oppretta er at det vert etterspurt. Elles hadde det ikkje vore noko grunnlag, seier Aaberge.

Ho trur det er fleire årsaka til at folk melder seg inn på treningssenter.

Kari Aaberge

TRENAR MEIR: Instituttleiar Kari Aaberge på Høgskulen i Sogn og Fjordane trur dei som er i bevegelse er meir i bevegelse.

Foto: privat

– Først og fremst har folk betre råd. Dei kan betale betre for seg i langt større grad enn tidlegare. Det andre er at folk har ein hektisk kvardag. Når ein er ferdig med jobb og ha produsert heile dagen sjølv, så er det veldig godt å kunne komme på eit treningssenter å få det servert, seier Aaberge.

Men ho trur folk også går i skog og mark, og meiner det eine ikkje nødvendigvis stengjer ute det andre.

– Dei som er i bevegelse er meir i bevegelse. Eg trur mange av dei som er på treningssenter også er ute i naturen, seier Aaberge.

Dei som har kompetanse, overlever

Kor vidt alle treningssentera som har dukka opp i det siste, kjem til å halde koken, er det vanskeleg å seie noko om.

– Treningssenter har ein kompetanse. Vi har eit samarbeid med Virke trening, og det vi ser er at dei treningssentera som overlever, er dei som har kompetanse og er fagleg dyktige, seier Aaberge.

Men ho peikar på at det som er trendbasert, er einskilde treningstilbod som plutseleg er in og plutseleg er ut.

– Det må vi rekne med går. Media er også med på å hjelpe til kva som er i vinden til ei kvar tid. Vi får nasjonale trendar trykte på oss, seier Aaberge.

Ho peikar på at treningssentera er flinke til å tenkje nytt.

– Til dømes ser vi at det dukkar opp tilbod til gravide, pensjonistar, kvinner i barsel og liknande. Slikt såg ein ikkje så mykje av før, seier Aaberge.