Hopp til innhold

Lærdal kommune inn i Robek

Lærdal kommune er meldt inn i Robek av Fylkesmannen fordi kommunestyret har vedteke ein økonomiplan utan at det er spesifisert kvar innsparingane kjem.

Lærdal kommune med ordførar
Foto: montasje / NRK

Fylkesmannen skriv på sine heimesider at kommunen reknar med å spare tre millionar kroner til neste år, og opp mot 10 millionar fram mot 2017, men utan å spesifisera kor dei skal spara desse pengane.

Det strid mot lovverket og er grunnlag for registrering i Robek, opplyser Fylkesmannen.

– Vi har berekna ei innsparing på 3 millionar kroner neste år. Dei har vi ikkje plassert, men vi har samtidig køyrt i gong eit effektiviseringstiltak som vi forventar skal gje tre millionar, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim

Er ikkje uroa

– Eg føler ikkje det er noko dramatisk for vår del. Vi har eit budsjett som vi står inne for, og det skal vi klare. Det er jo ikkje noko vi ønskjer. Det er vel ingen kommune som ønskjer å komme på Robek-lista, men eg føler ikkje at det er stor dramatikk for vår del, seier Solheim.

Han seier dei har tru på at dei saman skal klare å nå dei måla dei har sett seg i økonomiplanen.

– Så de er ikkje uroa over at Fylkesmannen har plassert Lærdal på denne lista?

– Det er ingen situasjon ein ønskjer å vere i, men vi føler at vi har kontroll. Vi er heilt einige politisk og administrativt i Lærdal om at vi driv for dyrt og at vi må spare. Og saman skal vi klare å finne ut kor vi skal spare.

Følte det var rett

Det er eit krav at innsparingar og utgiftsreduksjonar skal vere fordelte ut på dei enkelte tenesteområda når kommunestyre gjer vedtak for å få ein økonomiplan i balanse.

Dette er ikkje gjort i vedtaket til Lærdal kommunestyre, og innsparingane og utgiftsreduksjonane er dermed uspesifiserte, skriv Fylkesmannen.

– Når vi da ikkje plasserte innsparinga, men avventa ei utgreiing, så følte vi det då var rett. Det var eit einstemmig kommunestyre, seier ordføraren.

– Men kva er årsaka til at de ikkje plasserte innsparingane nokon plass?

– Nei, som sagt så skal vi ha eit effektiviserinsprosjekt som skal sluttførast til budsjetthandsaming i desember i år.

Minst eitt år

Saldering av økonomiplanen med postar for uspesifiserte innsparingar er i strid med kommunelova og grunnlag for registrering i Robek. Ettersom Lærdal har vedteke ein økonomiplan utan at det er dekning for oppgåver og utgifter som er ført opp i planen, blir ikkje økonomiplanen godkjent.

– Sånn som brevet frå Fylkesmannen er, så kan vi ikkje vere ute av Robek-lista før det har gått eitt år, seier Solheim.

Kommunen må innan utgangen av dette året vedta ein ny økonomiplan i balanse etter lova.

– Vi har bedt om eit møte med Fylkesmannen i denne saka og det skal vi ikkje ha før september. Då får vi diskutere kor lenge dette er snakk om, seier ordføraren.