Hopp til innhold

Har ikkje opplevd så ekstremt vêr på 20 år

STRYN (NRK): Sjåføren av bussen som vart kasta ut av E6 på Dovrefjell vart sjølv passasjer då vindkula trefte bussen. – Eg var sjanselaus til å halde bussen på vegen, seier han.

Bussjåfør Lasse Tenden ulukke Dovrefjell

HELDT ROA: Bussjåfør Lasse Tenden fortel at han sjølv vart passasjer då vindkula kasta bussen ut av vegen. Likevel heldt han roa og tok seg av passasjerane.

Foto: NRK/Silje Guddal/Kristian Nilssen

Det vart ei svært dramatisk oppleving for både bussjåfør Lasse Tenden og dei 13 passasjerane på Fjordekspressen då vinden greip tak i bussen og kasta den av vegen.

Lasse Tenden i Nettbuss køyrde ruta som går mellom Trondheim og Bergen. Han fortel om eit ruskevêr utan like.

– Eg har køyrt over Fokstua i veldig mange år, og vinden kan variere. Men dette er vel det mest ekstreme eg har vore borti. Det kom ei vindkule som eg ikkje har opplevd makan til, og eg hadde ikkje sjanse til å handtere bussen.

– Eg vart passasjer eg òg

Fordi vindmålaren før fjellovergangen ikkje fungerte visste han ikkje kor ille det var, men det fekk han fort erfare.

– Eg var passasjer frå vindkula tok meg til vi låg utfor vegen. Det var ein uverkeleg situasjon. Det var nok verre for dei som sat lenger bak som låg. Eg trur nok dei opplevde det litt meir dramatisk enn eg gjorde, fortel Tenden.

Då bussen låg velta i snøen eit stykke ut i grøfta var den første tanken til bussjåføren korleis passasjerane hadde det. Over glasrutene som då fungerte som golv, tok han seg bakover i bussen.

Busulukke Dovrefjell
Foto: Kristian Nilssen

– Nokre hang i taket og andre var komne ned på beina. Ingen hadde skader då vi sjekka dei. Det var kanskje nokre som hadde nokre blåmerke, men eg er veldig letta over at det ikkje var meir alvorleg, seier sjåføren.

Rosar passasjerane

For han veit godt at ulukker der bussar veltar kan ende langt styggare enn det gjorde denne natta. Spesielt dersom nokre av rutene hadde knust. Tenden har fått skryt frå fleire passasjerar for at han opptredde roleg.

– Han takla det veldig fint. Han var roleg og kom bort til alle og spurte om det gjekk bra og informerte oss om det som skulle skje, seier Natalie Lovise Lie.

For Tenden betyr slike tilbakemeldingar mykje, men sjølv vel han å rose passasjerane.

– Det var ein gjeng med passasjerar som var heilt rolege. Det var ingen panikk.

Kunne vore unngått, meiner sjåføren

Sjåføren meiner det er kritikkverdig at vindmålaren ikkje fungerte, og fortel at det ikkje første gong den er ute av drift. Men han har også andre tankar om kva som kunne hindra ulukka.

– Det er to ting. Vindmålaren hadde sagt meg meir om situasjonen så vi slapp å erfare det i praksis. Det andre er at eg kunne tenke meg at det hadde vore sett opp eit par hundre meter med rekkverk der som vi køyrde utfor. Då hadde ikkje dette skjedd. Då hadde vi vore borti rekkverket og stått på vegen.

– Ville du køyrt vidare om vindmålaren fungerte?

– Det veit eg ikkje. Men om det var så ekstremt som det var i natt då dette skjedde, så er det klart at vegen kanskje burde vore stengt for trafikk.

Statens vegvesen seier vindmålaren har vore ute av drift i fem dagar, og at dette ikkje er heldig.

Buss velta på Dovrefjell

I GRØFTA: Vinden var så sterk at sjåføren ikkje klarte å halde bussen på vegen.

Foto: Mona Maria Løberg / 03030-tipser