Hopp til innhold

Har ikkje funne feil på det tekniske ustyret

– Det er ikkje noko som tyder på at det har vore tekniske feil med utstyret til hopparen som omkom ulukka i Aurland i helga, seier regionlensmann Arne Johannessen.

Dødsulukke i Aurland

DØDSULUKKE: Ein 32 år gammal mann frå Litauen omkom laurdag i samband med såkalla speedriding.

Foto: NRK.no-tipsar / NRK

Laurdag omkom ein 32 år gamal mann frå Litauen i ekstremsportulukke i Aurland. Mannen dreiv med såkalla speedriding, ei form for paragliding der ein flyg nærare bakken, då han trefte eit hustak og deretter ramla ned .

Politiet har no avhøyrt to av dei som hoppa i lag med 32-åringen og som var dei to første som kom bort til mannen etter ulukka.

– Dei har forklart at det frå bakken ikkje såg ut til at det skulle vere noko tekniske feil med utstyret til mannen. Dei har og forklart at det var gode flyforhold for å drive med denne sporten, seier Johannessen.

Trefte tak

Etter planen skulle mannen ha landa på eit jorde i underkant av 100 meter frå der han omkom. I staden trefte han eit hustak og fall deretter ned.

Arne Johannessen

ETTERFORSKAR ULUKKE: Arne Johannessen er regionlensmann i Sogn.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det er klart at når det skjer ei slik tragedie så er det naturleg å tenke at det enten er vêrtilhøve, utstyret eller personlege feil som er årsaka. Vi må no prøve å finne ut kva som er mest sannsynleg av desse årsakene, seier Johannessen.

Fleire avhøyr

Politiet har framleis ein del etterforsking igjen før dei kan avslutte saka.

– Vi vil gjere nokre fleire avhøyr av vitne som såg sjølve hendinga. I tillegg til at det står det igjen nokre undersøkingar. Det er ikkje mykje arbeid som står igjen, det er i utgangspunktet ikkje ei sak som krev mykje etterforsking, men litt står igjen og så får vi prøve å sjå om vi har ein konklusjon, seier johannessen.