Hopp til innhold

Har ikkje bestemt seg for ein ny sesong

Florø-trenar Terje Rognsø er i tenkjeboksen om han går på ein ny sesong med unggutane i Florø. Før han bestemmer seg, er det fleire ting som må på plass.

Terje Rognsø

VURDERER: Florø-trenar Terje Rognsø har ikkje bestemt seg for ein ny sesong i trenarjakka.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg held fram dersom spelargruppa er motivert for å gjere det som skal til for å bli betre, og som er villige til å leggje ned det som eg meiner trengst for å nå eit nytt nivå, seier Rognsø.

Han har lagt bak seg det som har vore Florøs beste sesong i klubbens historie, og avslutta sesongen med 2–2 mot Lyn på bortebane.

Unggutane frå Florø nådde heilt til tredje runde i NM-cupen, og hamna til slutt på sjette plass på tabellen. Det lever Rognsø fint med.

– Klart det har vore bra. Det går ikkje an å seie noko anna. Men haustsesongen var litt skuffande, seier Rognsø.

Hadde ikkje klart opprykk

Florø leia tabellen til ferien, men hausten har tidvis vore tung. Rognsø er likevel klar på at eit opprykk neppe hadde vore innan rekkjevidd, sjølv om haustsesongen hadde vore betre.

– Sjølv om vi hadde gjort det like bra i haust som i vår, hadde vi likevel ikkje klart det, så det er ikkje noko å bruke krefter på, seier Rognsø.

Både 2. og 3. laget i klubben har rykt opp, så neste sesong vil Florø ha seniorlag i både 2., 3. og 4. divisjon. Skal Rognsø halde fram som trenar for A-laget, må det også takast grep i støtteapparatet.

– Det seier seg sjølv at vi må styrke opp rundt laga, og det må aller helst inn fleire i støttegruppa, seier Rognsø.

Kan ha teke for mykje av

Han har trent A-laget dei siste fem åra, i tillegg til at han har vore med i akademiet sidan det starta opp i 2007.

– Det har vore ekstremt mykje arbeid, men veldig gøy. Men vi må tenkje utvikling. Det som var godt nok i går, er ikkje godt nok i morgon, seier Rognsø.

No ventar ei grundig evaluering, ikkje minst for å finne ut kva som gjorde at laget gjorde det så godt på vårsesongen, medan haustsesongen vart ein tyngre affære.

– Det kan jo også hende at det tok litt mykje av. Det er ikkje alltid av det sunne, det heller, seier Rognsø og ler.

Kan komme til å hente spelarar utanfrå

Han har førebels ikkje noko klart svar på om det er spelarar som er på veg vekk frå Florø, men ser ikkje bort frå at det kan skje.

Tidlegare i år gjekk spisstalentet Kristoffer Ryland til Sogndal. Rognsø ser ikkje vekk frå at Florø kanskje vil sjå etter nye spelarar utanfor klubben.

– Vi er ein klubb som er basert på eigne spelarar, og det skal vi framleis vere. Men det kan av og til vere godt å få inn andre typar frå andre klubbar, seier Rognsø.