Hopp til innhold

Har hyra inn spelande trenar

Marcin Lubiejewski tek over som hovudtrenar for Førde sitt elitelag i volleyball.

Marcin Lubiejewski

NY TRENAR: Polakken på 2,07 blir ny trenar på Førde sitt elitelag i volleyball.

Foto: Rune Fossum

Leiar i Førde volleyballklubb, Sindre Roska, seier til Firda.no at Marcin blir spelande trenar komande sesong. Dermed tek han over etter Frank Kalstad som gav seg ved sesongslutt.

Polakken som er 207 centimeter på sokkeleisten har vist seg å vere ein svært habil spelar, men har også ein sjeldan kompetanse. Roska seier dei har ein langsiktig tanke når dei let Lubiejewski ta over roret.

– Han har mastergrad i idrett, med fokus på volleyball. Det er få med slik kompetanse i Norge, seier Roska til Firda.

Roska seier til avisa at Marcin førebels går inn i ei stilling som svarar til om lag 40 prosent. Frank Kalstad og Martin Berntsen er også med i trenarteamet.