Hopp til innhold

Hund eller ulv? Dei evakuerer sauene

Fem nye lam er daude i Naustdalsfjella, og Statens naturoppsyn er svært usikre på om det er hund eller ulv som står bak. Elin Haugen fann eitt lam.

Sau skadd av dyr

HUND ELLER ULV: Eit av lamma hadde slike bitemerke som kniven peikar på, med knusingsskadar i beinstrukturen. Det kan tyde på ulv, men andre kjenneteikn tyder på hund. Biletet er brukt med godkjenning frå bonden.

Foto: Statens Naturoppsyn

Ho dreiv og plukka blåbær då ho la merke til at det var ein del nærgåande ramnar der ho plukka.

– Då fekk eg tips av ein nabo om at det låg eit lam litt lenger framme. Så då tenkte eg at eg skulle sjå etter det når eg gjekk tilbake, seier Haugen.

Elin Haugen

FANN LAM: Elin Haugen fann eit lam som var skada, og tok det med til bonden.

Foto: Rune Fossum / NRK

Lammet ho fann hadde bitemerke i låra, på begge sidene. I tillegg var den eine foten knekt. Elin Haugen trur det kan ha skjedd då lammet prøvde å rømme unna dyret eller dyra som gjekk laus på det.

– Så eg tok det med meg, vi baksa oss framover mot stølane. Lammet gjekk på eit vis på den eine bakfoten, men det streva noko grådig, så eg bar og sleit og glei, men til slutt trefte eg eigaren, og han tok hand om lammet og fekk det heim att.

Hund eller ulv

Rovviltansvarleg for Statens Naturoppsyn i Sogn og Fjordane, Rein Arne Golf, har i dag vore på synfaring i fjellet over Naustedalen måndag ettermiddag. Dei fann fire kadaver av lam, og eit levande lam som måtte avlivast.

Tre av lamma er bitne, men det er svært vanskeleg å slå fast kva dyr som står bak, seier Golf. Ein kan sjå vekk frå bjørn, gaupe og jerv.

– Spesielt to av dei har bitemerke i låret og bak i nakken, og er bitne på same måten. Det er i samsvar med ulv. Men frå ulv hadde vi forventa kraftigare skader, og skader i beinstrukturen. Det finn vi ikkje, og vi kan difor ikkje sjå vekk frå at ein hund kan stå bak. Men med ein hund hadde vi ikkje forventa så like skader på tvers av kadavera.

Ber om hjelp

Lam med hundebit (?)

SKADA: Eit av lamma som vart funne i Naustdalsfjella hadde slik bitemerke.

Foto: Elin Haugen

Golf fortel at dei rett og slett er svært usikre på kva dyr som står bak.

– Det står og vippar mellom kva det er: hund eller ulv. Vi ønsker at saueeigarar skal vere opne for begge alternativ, og ikkje utelate noko. Vi håpar på tilbakemeldingar og observasjonar frå folk og bønder i området, seier han.

Eit anna teikn på at dette kan vere hund, og ikkje ulv, er at det skjer på eit lite område.

– Dersom det er ein ulv, hadde vi forventa at det skjedde på meir spreidde område, ikkje berre i Naustdalen, seier Golf.

Rein Arne Golf

TILBAKEMELDINGAR: Rein Arne Golf ber om at bønder og andre i området er på vakt og tek kontakt om dei observerer ulv eller andre dyr i området.

Foto: Arve Uglum / NRK

Firda fortalde for nokre veker sidan at ti sauer var drepne i Naustdalsfjella. Golf kan fortelje at skadane på nokre av dei sauene var like som på dei to lamma som når ber preg av rovviltskade.

– Der også same mønsteret på nokre av dei, same bitemønster i lår og nakke. Men også der er det relativt svake skader, seier Golf.

Elles kan Golf fortelje om saueangrep i Guddal der ein ikkje kan sjå vekk frå ulv, og skader i Hyen der dei no er rimeleg sikre på at det ikkje er ulv.

– Vi evakuerer sauene

Elin Haugen er oppøst dersom det viser seg at det er ein hund eller hundar som har skadd lammet.

– Eg blir rasande. Viss ikkje hundeeigarane er sitt ansvar bevisst, må dei fritakast hundane. Då vil det sannsynlegvis vere dei same hundane som går held på, og då må noko gjerast, seier Haugen.

Er det ulv meiner Haugen at noko må gjerast snarast.

– Då må det organiserast ei jakt. No har nesten samtlege saueeigarar sanka ned sauene sine, eller så held dei på med det. Folk er redde for dyra, seier Haugen.