Hopp til innhold

Har ikkje vunne ein kamp på tre månadar – no er Sogndal under nedrykksstreken

Sogndal Fotball har ikkje vunne ein kamp på tre månader. Skal det snu i kveld, blir det mot eit lag dei aldri har slått i eliteserien. – Vi må sette sjansane, og vi må bli meir kyniske bakover, seier Rune Bolseth før kveldens kamp mot Aalesund.

Rune Bolseth

TRE MÅNADER: Rune Bolseth og Sogndal har berre makta to poeng frå ni kampar sidan 12. juni. Laurdag hamna dei under nedrykksstreken. – Vi har lyst til å blande Aalesund inn i dette også. Det er det ikkje tvil om, seier Bolseth før kveldens heimekamp mot Aalesund.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Sogndal er inne i ein bølgjedal som aldri ser ut til å ta slutt. Dei ni kampane sidan Vålerenga vart slått 2–0 på heimebane 12. juni, har gjeve fattige to poeng.

Etter Brann sin kalassiger over Strømsgodset laurdag kveld, er Sogndal no på nedrykksplass.

– Vi er ekstremt innbitne og veldig lystne på å ta dette. Det er bra guts om dagen, så eg ventar å sjå eit Sogndal-lag med mykje guts, seier midtbanespelar Rune Bolseth.

– Vi har prestert bra

Poengfangsten dei siste tre månader er ikkje noko eit lag kan vere nøgde med. Samstundes vel midtbanespelaren å sjå bak resultata. I fleire kampar har Sogndal vore spelemessig på høgde eller betre enn motstandarane. Fire av kampane har enda med eittmålstap.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulrik Flo

TAPTE: Mot tabelltrear Lillestrøm var Ulrik Flo og Sogndal best i alt, utanom å score mål. Kanarifuglane vann 1–0 på Fosshaugane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Bolseth meiner det er mykje som tilseier at trenden vil snu – kanskje allereie i kveld.

Laster innhold, vennligst vent..

– Vi har hatt nokre dårlege kampar, men elles tykkjer vi har prestert bra desse tre månadane, utan å klare det viktigaste; å score og hindre mål. Det er småting og marginar som skal til før det blir trepoengarar att, seier han.

Marginane

– Men dette er slikt som blir sagt før kvar kamp. Kvifor får de ikkje retta på det?

– Det er vanskeleg å seie. Det å sette sjansane er noko vi jobbar med heile vegen. Men i det siste har ballen gått i stanga eller i tverrliggaren i staden for i mål. Det er ikkje tvil om at marginane før eller seinare vil komme på vår side.

– Eg håpar vi får det til mot Aalesund, held Bolseth fram.

Var svakare i fjor

– Men tre månader utan siger, blir de ikkje påverka av det?

– Til ein viss grad tek det på å gå så lenge utan å vinne, men eg føler likevel at det er bra stemning i laget og bra trykk på treningane. Eg håpar det snur.

– Vi hadde ein dårleg periode i fjor også, men då tykte eg vi var svakare spelemessig enn vi er no. Vi har hatt marginar mot, samstundes som vi ikkje har vore dyktige nok i avgjerande situasjonar i begge endar av bana, seier Bolseth.

Sjansar for poeng

– Ein skal heller ikkje gløyme at vi etter ferien møtte Molde, Viking, Rosenborg, Odd og Strømsgodset i dei fem første kampane, held Bolseth fram.

Med unntak av Viking er alle laga i medaljekampen. Molde er serieleia, med Odd på andreplass. Med unntak av Vålerenga og Molde, står Sogndal att med seks kampar mot lag på nedre halvdel av tabellen.

– No går vi inn i ein fase der vi møter lag som ligg på midten og nedover, så i utgangspunktet skal det vere større sjanse for å plukke meir poeng i denne fasen av sesongen, legg han til.

Har trua på siger

Statistisk sett må Sogndal ha 30–35 poeng for å fornye kontrakten i eliteserien. Med 20 poeng og åtte kampar att av sesongen, har ikkje Sogndal rom for mange feilskjær.

– Vi må vinne fire kampar, og nokre uavgjort, det ser vi på som fullt mogleg. Vi har planar om å ta den første mot Aalesund, seier Bolseth.

Tangotrøyene har vunne tre av sine fem siste kampar.

– Men vi er heime, og Aalesund er ikkje noko stort bortelag. Dette er ein kamp vi absolutt har ambisjonar om å ta tre poeng frå, avsluttar Bolseth.

Laster innhold, vennligst vent..